Ole Ambrosius Rolfsen () var ein norsk jurist, sorenskrivar og politikar, fødd i Christiania og busett i Drammen.
Rolfsen var utdanna i jus, cand.jur. i 1849. Etter fleire år som fullmektig hos John Elieson i Drammen, tok han i 1856 sjølv til som underrettssakførar i same byen, frå 1865 overrettssakførar. Etter å ha vore byfut 1880–84 i Drammen, var han frå 1884 til 1903 sorenskrivar i Lier, Røyken og Hurum.
Rolfsen var medlem i Drammen bystyre frå 1861 til 1888, bortsett frå to år. Han var ordførar 1870–72. Etter bybrannen 1866 var han ein sentral person i byen, også som styreformann i Drammen Sparebank frå 1867 til 1873. Han var elles ein av initiativtakarane til reisinga av Drammens Teater, styreformann 1870–71. Til sist atter styreformann i Drammen Sparebank frå 1892.
Rolfsen var suppleant til Stortinget 1880–82 og møtte i 1881 frå 23. mai. 1883–85 var han suppleant på ny, og møtte i 1884 frå 17. april. I 1881 var han med i Næringskomite nr. 1 og i 1884 i Protokollkomiteen. Han var med i Høgre-partiet.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Drammen Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Drammen