Johan Oluf Rønning () var ein norsk kjøpmann frå Trondheim, medlem i partiet Frisinna Venstre.
Far hans var smed, sjølv tok han til med handel. Frå 1878 arbeidde han i firmaet H.F.Klingenberg, disponent frå 1902 og eineeigar frå 1918. Gjennom åra leia han fleire ulike handelsforeiningar i Trondheim, ei tid styreformann i Trondhjems Sparebank.
Rønning var medlem både i bystyret og i formannskapet i Trondheim. Elles formann i fleire offentlege komitear. I 1913 møtte han på Stortinget frå den 14. juli. Han var då varamann frå einmannskrinsen Bratøren og Ilen, medlem i Tollkomiteen. Også i 1916 møtte han ei tid som varamann frå same krinsen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. Nidaros, 19. mai 1930
Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Trondheim