mini|Flevopolder i Nederlandene er 970 km² og er den største øya skapt ved landvinning i verda. Ei kunstig øy eller menneskeskapt øy er ei øy som er konstruert av menneske i staden for å vera danna gjennom naturlege prosessar. Andre definisjonar kan føreslå at kunstige øyar er landområde prega av menneskeleg innverknad i danningsprosessen, medan andre hevdar at kunstige øyar blir skapt ved å utvida eksisterande holmar, byggja på eksisterande rev eller ved å byggja saman fleire småøyar. Oppbygging av kunstige øyar er ikkje eit moderne fenomen, men det finst ingen eintydig juridisk definisjon på dei. Kunstige øyar kan variera i storleik frå små holmar som berre er laga for å støtta ein enkelt pilar i ein bygning eller konstruksjon, til øyar som husar heile samfunn og byar. Arkeologar hevdar at slike øyar blei skapte så tidleg som i bondesteinalderen. Tidlege kunstige øyar omfatta flytande strukturar i stilleståande vatn eller tre- eller megalittiske konstruksjonar oppført i grunne område (t.d. crannogar og Nan Madol).
I moderne tid blir kunstige øyar normalt danna gjennom landvinning, men nokre blir skapa ved overfløyming av dalar, der toppane av tidlegare åsar blir isolerte av vatn (t.d. Barro Colorado-øya i Panamakanalen). Der er fleire grunnar til oppbygningen av desse øyane, herunder bustad-, industri-, handels-, strukturelle (til brofundamenter) eller strategiske formål. Ei av dei største kunstige øyane i verda, René-Levasseur-øya, blei danna ved overfløymig av to tilstøytande reservoar. Teknologiske framsteg har gjort det muleg å byggja kunstige øyar i vatn med djupner på opptil 75 meter. Bølgjehøgda og den strukturelle integriteten til øya speler ei sentrale rolle i fastlegginga av den maksimale djupna.
I Danmark er Peberholm Øresund eit kjent eksempel på ei kunstig øy. Ho blei anlagt i 1995 i samband med anlegginga av Øresundsambandet.
Historie Kunstige øyar har ei lang historie i mange delar av verda som kan førast tilbake til Al-Sayah i Bahrain, den fyrste permanente kunstige øya ein kjenner, som blei skapt for minst 1200 år sidan rundt ei vasskjelde. Ein kan òg nemna øyar frå det gamle Egypt, pålebygde crannoger i førhistoriske Wales, Skotland og Irland, seremonielle senter i Nan Madol i Mikronesia og dei stadig eksisterande flytande øyane i Titicacasjøen. Tenochtitlán, den aztekisk forgjengaren til Mexico by som husa 500 000 menneske då spanjolane kom til staden, låg på ei lita naturleg øy i Texcoco-sjøen omgitt av utalde kunstige chinamitl-øyar. høgre|mini|Rev-øy utanfor nordlege Malaita. Innbyggjarar ved Langa Langa-lagunen og Lau-lagunen på Malaita i Salomonøyane bygde omkring 60 kunstige øyar på revet, mellom anna Funaafou, Sulufou og Adaege. Folk ved Lau-lagunen bygde øyar på revet då dette gav vern mot åtak frå folk som budde i sentrale Malaita. Desse øyane blei bokstaveleg talt bygde stein for stein. Ein familie sigla ut til revet i kanoen sin, dykka etter stein, førte dei til overflata og vende tilbake til den utvalde staden der steinane blei kasta i vatnet. Å bu på revet var òg sunnare for folk, ettersom mygg som plaga sumpområde ved kysten ikkje heldt til på revøyane. Lau-folket bur framleis på desse øyane.
Mange kunstige øyar er blitt oppførte i urbane hamner for anten å skapa ein stad som bevisst er isolert frå byen eller for å skaffa ekstra areal i tett folkesette storbyar. Eit døme på førstnemnde er Dejima, som blei skapt i bukta ved Nagasaki under edotida i Japan som eit avgrensa senter for europeiske handelsfolk. Under isolasjonsperioden var nederlendarar generelt forbodne åtgang til Nagasaki, og japanere hadde ikkje åtgang til Dejima. Tilsvarande fungerte Ellis Island i Upper New York Bay ved New York by, ei tidlegare lita øy som blei kraftig utvida gjennom landvinning, som eit isolert immigrasjonssenter for USA på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet og hindra avviste personar frå å sleppa inn i byen og potensielt prøva på ulovleg innvandring. Ei av dei mest kjende kunstige øyane er Île Notre-dame i Montreal, som blei bygd til Expo 67.
Største kunstige øyar RangNamnStorleik (km²)PlasseringÅr dannaBruk1Flevopolder970Flevoland i Nederland1955 (aust) & 1968 (sør)Byar, landbruk2Chek Lap KokHongkong1998 (lufthamn fase 1), 2017 (grensekontrollpunkt) & 2022 (lufthamn fase 2)Lufthamn, grensekontrollpunkt3The Pearl IslandDoha i Qatar2006Busetnad4Diyar Al MuharraqMuharraq i Bahrain2013By5Kansai International Airport10,68Osaka i Japan1994Lufthamn6Sakishima i Osaka10,54咲洲コスモスクエア - INVEST OSAKAOsaka i Japan1970-taletBy7Port IslandKobe i Japan1980 (Fase 1) & 2009 (Fase 2)Busetnad8Chūbu Centrair International AirportTokoname i Japan2005Lufthamn9OgizimaYokohama i Japan1975Fabrikk10Rokko IslandKobe i Japan1992Busetnad11Cidade UniversitáriaRio de Janeiro i Brasil1983Universidade Federal do Rio de Janeiro
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kunstig ø» frå , den 20. juni 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar