Nukuoro er ein atoll i Mikronesiaføderasjonen. Han er ein kommune i delstaten Pohnpei. Nukuoro er den andre nest sørlegaste atollen i landet, etter Kapingamarangi. Dei er begge polynesiske utliggarar. I 2007 hadde Nukuoro 372 innbyggjarar, men fleire hundre nukuorafolk bur på Pohnpei. Fiske, dyrehald og jordbruk (taro og kopra) er hovudnæringane. Eit nyleg prosjekt for å dyrka tahitiperle-østers har hatt suksess med å generera ekstra inntekt for folket på øya.

Nukuoro ligg aude til. Atollen har inga flystripe. Ho blir vitja av ein passasjerbåt med ujamne mellomrom med nokre månadar i mellom. Nukuoro har ingen turisme bortsett frå forbipasserande yachtar. Det finst eit skulehus med fire rom, men born på over 14 år må reisa til Pohnpei for å gå på skule.

Geografi mini|venstre|Holmane i Nukuoro. Den totale flatevidda til atollen, medrekna lagunen, er 40 km². Landområdet er 1,7 km². Det er fordelt på over 40 holmar som ligg på nord-, aust- og sørsida av lagunen. Den største holmen heiter Nukuoro, som er sentrum for atollen med omsyn til folketal og administrasjonen. Lagunen har ein diameter på 6 km.

Ein kan gå til fots mellom holmane i Nukuoro (kalla modu) ved lågvatn, medan dei er skilde av smale sun ved høgvatn. Desse holmane dannar ei kjede som blir oppfatta av innbyggjarane som å startar i den sørvestlege enden (ngage, ‘framme’) til den nordvestlege enden (ngaiho, ‘enden’), der ein går mot klokka. Retninga ved reiser i atollen er relativ og blir fastslått av kva ende ein rører seg mot (det vil seia at «går ngage» når ein rører seg bort frå ngaiho, og omvendt). Dette gjeld uansett kva side av atollen ein er på. Den største holmen, Nukuoro, som har gjeve atollen namn, påverkar òg retninga: når ein dreg mot Nukuoro blir det sagt at ein «går hale» (‘heime’), i staden for at å gå ngage/ngaiho.

Folkesetnad Innbyggjarane talar nukuoro, eit polynesisk språk som er i slekt med kapingamarangi, rennellesisk og pileni (Vaeakau-Taumako). Nukuoro og Kapingamarangi er del av ein polynesisk «eksklave» som ligg langt utanfor den polynesiske trekanten.

Mange av innbyggjarane på Nukuoro har flytta frå atollen i nyare tid, og det finst diaspora over heile Mikronesia, USA og andre stadar i verda, men særleg på øya Pohnpei, som det framleis er kontinuerleg migrasjon med. Medan rundt halvparten av innbyggjarane på Nukuoro-atollen er einspråklege talatar av nukuoro, er medlemmar av språksamfunnet som bur på Pohnpei oftare fleirspråklege. Dei fleste talar pohnpeiisk, engelsk eller begge to i tillegg til nukuoro.

Ifølgje munnleg tradisjon blei atollen fyrst folkesett av folk frå Samoa. Dei var leidde av ein mann som heitte Vave, som er blitt verande ein viktig figur i Nukuoro-kulturen.

Historie Generelt reknar ein med at dei fjerne polynesiske samfunna blei oppretta etter at sjølve Polynesia blei folkesett. Språklege og folkeminne-bevis støttar dette synet: Nukuoro-språket er nært i slekt med samoansk, og den munnlege tradisjonen skildrar busetjinga av Nukuoro av ei gruppe samoanarar under leiing av Vave, som var son av ein konge frå Manu'a-øyane i Samoa. Men arkeologiske bevis tyder på at Nukuoro-atollen har vore kontinuerleg folkesett sidan minst 800-talet, utan tydelege bevis på kulturell fortrenging og ingen gjenstandar som eintydig er polynesiske.

Det som er kjent om historia til Nukuoro-atollen før europeisk kontakt kjem frå munnleg tradisjon, og det er no og då blitt samla inn og gjeve ut narrativ av vestlege vitjande. Etter den fyrste samoanske folkesetjinga av øya, er historia blitt avmerka av besøk frå andre mikronesiske øyar, som Yap, Chuuk, Mortlockøyane, Marshalløyane, Gilbertøyane, Fiji og Palau.

Den fyrste gongen europearar dokumenterte øyane var 18. februar 1806, av den spanske marineoffiseren Juan Bautista Monteverde, som kommanderte fregatten «San Rafael» for det kongelege Filippinane-kompaniet. Dei var difor oppførte på kartea som «Monteverdeøyane» i lang tid.Sharp, Andrew The discovery of the Pacific Islands Oxford, 1960, p. 189.Nukuoro cited as Monteverde IslandsBrand, Donald D. "The Pacific Basin: A History of its Geographical Explorations" The American Geographical Society, New York, 1967, p. 141.

Tino Aitu-skulpturar mini|Tino Aitu-figur i Honolulu Museum of Art. Nukuoro er kjend for dei utskorne guddomsskulpturane, som er kjende som tino aitu-skulpturar. Statuane representerer gudar og guddomeleggjorte forfedrar som er tilknytte dei fem Nukuoro-familiegruppene: sekave, seala, sehege, sehena og . Tradisjonelt blei figurane plasserte i malae (tempel) og i heimar, for å verna dei som budde der frå ulukke og vonde ånder. Dei blei ofte gjevne mat som offer ved store festlege høve, og blei rituelt kledde opp eller pynta med blomar.

Skulpturane, som varierer i storleik frå 30 til 215 cm, er skorne ut av brødfrukttre ved hjelp av lokale teksler med blad av anten muslingtypen Tridacna eller vestleg metall.  Overflaten blei pussa med pimpstein. Dei er kjende for eggeforma hovud, blanke eller svakt utforma ansikt, hellande skuldrer og geometriske bryst, bakar og bein. Bytsta til figurane er typisk teikna med ei enkel linje, men nokre kvinnefigurar har enkle bryst. Nokre figurer har utskorne tatoveringar.

I dag finst det 37 Nukuoro-skulpturer i museum og private samlingar rundt om i verda. Mange av statuane er i tyske og hawaiiske museum. Minst ni av desse skulpturane blei samla inn av Johann Stanislaus Kubary, ein polsk naturvitar og etnograf som vitja atollen i 1873 og 1877 som innsamlar for Museum Godeffroy i Hamburg. I tillegg blei det samla inn tre skulpturar av Carl Jeschke, ein tysk skipskaptein som vitja atollen for fyrste gong i 1904 og deretter meir jamleg mellom 1910 og 1913. mini|Kvinnefigur i full storleik pynta med blomar i Nukuoro-samfunnet nahs i Kolonia på Pohnpei.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nukuoro» frå , den 2. august 2026.

Kategori:Øyar i Mikronesiaføderasjonen