Wilhelm Leichum () var ein tysk idrettsutøvar og soldat frå Neu-Isenburg. Han vart europameister i lengdehopp både i 1934 og 1938.

Liv Leichum vart i 1933 tysk meister i lengdehopp med 7,40 meter. I løpet av 1934-sesongen forbetra han sitt personbeste til 7,65 meter og var favoritt ved EM i friidrett 1934 i Torino. I den italienske byen hoppa han som best 7,45 m og sikra seg gullmedaljen, framom norske Otto Berg som klarte 7,31 m og vart sølvmedaljør. Sommaren 1935 sette Leichum europarekord med eit hopp på 7,69 m, ein rekord han lengde til 7,73 meter ved den tyske friidrettsmeisterskapen i Berlin.

Ved eit stemne i Jena 7. juni 1936 presterte Leichum livsbeste 7,76 meter i lengdehopp. Under dei olympiske leikane 1936 i Berlin hoppa han 7,73 m og kom på delt fjerdeplass. Fem dagar seinare sprang han startetappen for det tyske mannskapet som vann bronsemedalje i 4 x 100 meter stafett.

I lengdetevlinga under EM i friidrett 1938 i Paris sigra Leichum med eit hopp som målte 7,65 meter, andremann nådde 7,61 m. mini|venstre Leichum fall i strid som løytnant på den tyske austfronten ved Gorkij under andre verdskrigen.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Leichum» frå , den 7. juli 2026.

Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Folk frå Neu-Isenburg