Diaguita er eit urfolk i Sør-Amerika som opphavleg heldt til i Norte chico i Chile og i Nordvest-Argentina. Dei vestlege, eller chilenske, diaguitaene levde hovudsakleg i dei tverrgåande dalføra som skjer gjennom dei halvtørre fjellområda. Dei austlege, eller argentinske, diaguitaene heldt til i provinsane La Rioja og Catamarcaprovinsen, og i delar av Salta, San Juan og Tucumán. Nemninga diaguita vart først brukt om folkegrupper og arkeologiske kulturar av Ricardo E. Latcham tidleg på 1900-talet.

Dei historiske diaguitaene var ikkje eit einsarta folk. Språket eller dialektane deira ser ut til å ha variert mellom dalføra, og dei var politisk oppdelte i fleire høvdingdøme. Dei chilenske diaguitaene dreiv handel mellom kysten og innlandet, noko arkeologiske funn av muslingskal i dei øvre delane av andinske dalføre viser.

I den argentinske folketeljinga frå 2022 identifiserte 90 794 personar seg som diaguita eller diaguita-cacán. I Chile var det i 2024 registrert 153 231 diaguitaer, noko som gjorde dei til det tredje største urfolket i landet etter aymaraene og mapucheane. Diaguita-folket har vore offisielt anerkjende som urfolk av den chilenske staten sidan 2006.

Språk mini|høgre|Replika av keramikk frå diaguita mini|høgre|upright 2.0|Arkeologisk stad i Tucumánprovinsen, frå quilmes, ein diaguita-stamme Tidlege spanske kjelder fortel at diaguitaene i dei ulike tverrgåande dalføra i Chile tala forskjellige språk. Jesuittar i det vestlege Argentina rapporterte òg om eit stort tal språk i området. Den chilenske diaguitaforskaren Herman Carvajal Lazo har likevel hevda at det kan ha vore tale om ulike dialektar av same språket, med først og fremst skilnader i ordtilfang.

Det finst få stadnamn i Norte chico som kan knytast sikkert til diaguita-språket. I Elqui-dalen, der dei fleste urfolksstadnamna er tilskrivne quechua eller mapuche, er ingen sikre diaguitanamn kjende.

Historie

Diaguitakulturen blir ført tilbake til den arkeologiske El Molle-komplekset, som eksisterte frå om lag 300 til 700. I Chile vart denne kulturen seinare avløyst av Las Ánimas-komplekset, som utvikla seg mellom 800 og 1000. Den arkeologiske diaguitakulturen oppstod kring år 1000 e.Kr.

Den klassiske diaguitakulturen var kjenneteikna av avanserte vatningssystem og keramikk dekorert i svart, kvitt og raudt.

Inkariket ekspanderte inn i territoriet til diaguita, men årsakene er omstridde. Det kan ha vore knytt til mineralressursane i området, eller til ønsket om å skaffe arbeidskraft til gruvedrift. Som resultat av krigføring vart diaguitaområda innlemma i Inkariket som «vasallstatar» under Cuzco, og inkastyret førte mellom anna til endringar innan jordbruk, metallarbeid og keramikk.

Dei chilenske diaguitaene møtte spanjolane første gong i større omfang i 1536, då ekspedisjonen til Diego de Almagro kom til Copiapó-dalen etter å ha kryssa Andesfjella. Det er anslått at om lag 20 000 diaguitaer levde i det som i dag er Chile, då spanjolane kom.

I det austlege diaguitaterriroriet klarte spanjolane lenge ikkje å underleggje seg dei fruktbare dalføra. Under dei såkalla calchaquí-krigane gjorde diaguitaene langvarig motstand. Spanjolane grunnla fleire byar rundt området, mellom anna Santiago del Estero, Tucumán, Salta, La Rioja og Jujuy, for å omringe og kontrollere dei opprørske dalføra. Den siste større motstanden heldt fram til 1665.

I Chile vart diaguitaopprør slått hardt ned av spanjolane på 1500-talet. Dei austlege calchaquí-diaguitaene gjorde opprør i 1630 og heldt fram kampen mot spansk styre til 1642–1643. Dei kom først fullt under spansk kontroll etter 1665.

Diaguitaspråka i Chile kan i stor grad ha gått tapt gjennom kulturell og demografisk blanding med mapudungun-talande folkegrupper (mapuche).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Diaguita» frå , den 13. august 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Søramerikanske urfolk Kategori:Argentinarar Kategori:Chilenarar