KNM Harald Haarfagre (òg kjend som Madlaleiren) er ein felles rekruttskule for Sjøforsvaret og Luftforsvaret i Madla utanfor Stavanger. Rekruttane er på skulen i sju veker før dei vert sendt vidare til andre tenestestader som utskrivne meinige eller flysoldatar. KNM Harald Haarfagre har namnet sitt etter den tidlegare norske kongen Harald Hårfagre.

mini|venstre|Frå innsida av KNM Harald Haarfagre, våren 2003.

Ved KNM Harald Haarfagre låg Sjøforsvaret sitt UB-kurs, som var spesielt retta mot å utdanne befal som skal vere instruktørar på rekruttskulen. Sjølve kurset tok seks månadar, og var fylgd av seks ytterlegare månadar som kvartermeister-aspirant og rekruttskuleinstruktør. Ved fullført 12 månadar utdanning vart dei dimmitert som kvartermeister. Sjøforsvarets befalskule vart lagd ned sumaren 2018.

I over 60 år var det ein tradisjon at folkesetnaden i området feira 17.mai i leiren. I 2020 vart det slutt på denne tradisjonen, med grunngjevinga at ein måtte fokusere på å trene og utdanne rekruttar til å verte gode soldatar til forsvar av Noreg.

Kjelder

Harald Hårfagre