Den brysomme mannen er ein norsk spelefilm som hadde kinopremiere 19. mai 2006.
Han vart vist under Kritikarveka under Filmfestivalen i Cannes i 2006. Der vart filmen tildelt Prix Acid. Filmen vann to Amanda-prisar i 2006; for beste regi og for beste filmmanus. Filmen vart same år nominert til Nordisk Råds Filmpris.
Hovudrolla i filmen vert spela av Trond Fausa Aurvåg og han fekk Amandaprisen 2006 for beste mannlege hovudrolle i denne filmen.
Filmen er basert på høyrespelet med same tittel, skrive av manusforfattar Per Schreiner. Han fekk Amandaprisen 2006 for filmmanuset.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Avansert og unorsk komedie – Omtale i Aftenposten Omtale i Filmpolitiet på NRK P3 The bothersome man – Omtale i Variety Nordisk Råds Filmpris
Kategori:Norske filmar Kategori:Filmar frå 2006