mini|Øks Skogsreiskap er ulike typar landbruksreiskap som vert nytt for skogbruk. Tidlegare var manuelle reiskapar, som øks, svans, borkspade, o.l. i bruk, men på 1960-talet tok motorsaga over. I dag vert det for det meste nytta hogstmaskinar.

Transport føregjekk tidlegare med hest, men på 1950-talet byrja ein å nytta landbrukstraktorar i skogbruket. Desse vart ofte utstyrte med halvbelte og vinsj. I Noreg var det heilstammemetoden som dominerte. Dei kvista stammane vart dregne saman med vinsjen og slepa etter traktoren fram til ein lunningsplass. På 1960-talet kom det spesialiserte skogsmaskinar, som etter kvart tok over det meste av transporten.

Sjå òg Landbruksreiskap