Tábor okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg nord i regionen og grenser i nord mot Sentral-Böhmen, i aust mot Vysočina kraj.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Tábor okres:
Soběslav SO Tábor SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Soběslav SO 22 020 21 779 21 554 Tábor SO 80 753 79 336 78 640 Tábor okres 102 773 101 115 100 194
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Tábor 33 360 Sezimovo Ústí 6 868 Soběslav 6 801 Veselí nad Lužnicí 6 211 Bechyně 4 870 Planá nad Lužnicí 4 234 Mladá Vožice 2 631 Chýnov 2 455 Jistebnice 2 039
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Tabor Tabor