Tistelskjoldbille (Cassida rubiginosa) er ei bille som tilhøyrer familiegruppa bladbiller (Chrysomelidae). Ho lever på ulike planter, blant anna på tistlar. Arten er ei av dei vanlegaste skjoldbillene i Noreg, saman med stor skjoldbille (Cassida viridis).
Tistelskjoldbille blir kring 6-7,5 mm lang. Ho har eit lyst blekgrønt hovud, halsskjold (pronotum) og dekkvinger. Lengst framme (nær halsskjoldet) er dekkvengene svakt raude eller brune. Halsskjoldet er like breitt som dekkvengene. Kroppen er svært brei, noko flat og oval, han skjuler både hovud og bein. Beina er lyse, noko gulfarga. venstre|mini|Larven gnagar på planteblad. Han skjuler seg under eit sekret. Både larvene og dei vaksne (imago) billene lever av å eta blad på næringsplanten. Dei sit tett inntil planten og det store flate halsskjoldet og dekkvengene gjer at billa kan vera svært vanskeleg å oppdaga. Larven gneg på blada til planten, og skjuler seg under eit sekret.
Tistelskjoldbille tilhøyrer insektgruppa med fullstendig omvandling (holometabole insekt), som gjennomgår metamorfose i løpet av utviklinga si. Larvene er radikalt ulike frå dei vaksne dyra i levevis og i kroppsbygging. Mellom larvestadiet og det vaksne stadiet er det ein puppestadie, ein kvileperiode, der dei indre og ytre organa til billa endrar seg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tistelskjoldbille» frå , den 3. oktober 2026.
Litteratur
Lindroth, C.H. 1993. Våra skalbaggar och hur man kãnner igen dem (opptrykk av opprinnelig tre hefter (1942-1945. Bonnier forlag.) Fãltbiologerna. ca. 240 sider. ISBN 91-85094-722
Bakgrunnsstoff
Kategori:Biller