Zabriskie Point er eit filmmusikkalbum til filmen med same namn av Michelangelo Antonioni. Det vart først gjeve ut i mars 1970Billboard, 14. mars 1970 og inneheld songar frå fleire artistar, som Pink Floyd, Grateful Dead og Kaleidoscope.

I 1997 vart albumet gjeve ut på nytt med fire bonusspor kvar frå Jerry Garcia og Pink Floyd, som vart brukt i filmen, men som ikkje var på originalalbumet. Jim Morrison frå The Doors skreiv songen «L'America» for filmen, men vart avvist av Antonioni («L'America» vart seinare gjeven ut på The Doors-albumet L.A. Woman). Ein Rolling Stones-song, «You Got the Silver», er med i filmen men ikkje på albumet.

Pink Floyd Pink Floyd sine songar til albumet vart spelt inn i november-desember 1969, etter dei hadde gjeve ut Ummagumma. «Come in #51, Your Time is Up» er ei nyinnspeling av «Careful with That Axe, Eugene», som først kom som ei b-side til ein singel i desember 1968. «Love Scene (Version 4)» er ein solokomposisjon av Richard Wright. «Country Song» (ôg kjend som «The Red Queen») er ein ballade med mange sjakkmetaforar. «Unknown Song» (òg kjend som «Rain in the Country») er ein roleg instrumental. «Love Scene (Version 6)» (òg kjend som «Alan's Blues») er ein bluesaktig instrumental. I tillegg vart det spelt inn to spor kalla «Fingals Cave» og «OenOne» som ikkje kom med på albumet i det heile tatt.

Pink Floyd spela òg inn andre songar som ikkje kom ut på den tida. Mest kjend er kanskje ein song av Rick Wright, som på den tida vart kalla «Violent Sequence», som seinare vart omarbeidd til «Us and Them» på The Dark Side of the Moon. Denne vart seinare gjeven ut i samlinga Dark Side of the Moon Immersion Box Set Anna musikk som ikkje var gjeven ut før frå desse innspelingane kom ut i 2016 på The Early Years 1965–1972.

Mottaking Village Voice-kritikaren Robert Christgau har sagt at albumet er «langt djupare og samanhengande» enn filmen. Steven McDonald i AllMusic skildra det seinare som «ei rar blanding av songar», men òg «verdt å høyre» for Pink Floyd-innspelingane.

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zabriskie Point (album)» frå , den 18. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jerry Garcia-album Kategori:Pink Floyd-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1970 Kategori:MGM Records-album