Karviná okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Mähren-Schlesien i Tsjekkia. Det ligg nordaust i regionen og grensar i nord mot Polen.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Karviná okres:

Bohumín SO Český Těšín SO Havířov SO Karviná SO Orlová SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Bohumín SO 34 824 33 708 32 544 Český Těšín SO 27 462 25 516 24 459 Havířov SO 99 986 91 092 83 249 Karviná SO 75 250 68 024 59 144 Orlová SO 43 478 38 054 36 183 Karviná okres 281 000 256 394 235 579

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Havířov 68 153 Karviná 48 473 Orlová 27 581 Český Těšín 23 130 Bohumín 20 038 Petřvald 7 460 Rychvald 7 456

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Karvina Karvina