KS «Norge» eller Kongeskipet «Norge» er eit skip som er ått av kongen av Noreg. I samband med at Kong Haakon VII vart konge av Noreg i 1905, vart han lovt eit eige kongeskip. Noko slikt skip vart ikkje kjøpt, men etter den andre verdskrigen vart det organisert ei pengeinnsamling. Målet var å gje kongen eit skip som ei folkegåve. I 1947 vart den britiske motoryakten «Philante» kjøpt inn for 1,5 millionar kroner. Båten vart bygd av Camper & Nicolson i Southampton og vart sjøsett 11. februar 1937. Han var opphavleg eigd av flyprodusenten Thomas Sopwith. I den andre verdskrigen vart båten nytta av den britiske marinen til eskortefartøy over Atlanterhavet. Norsk kommando vart heist 17. mai 1948.
Kong Olav V overtok kongeskipet i 1955, og kong Harald V i 1991.
7. mars 1985 fekk kongeskipet «Norge» store brannskadar då det låg på verkstad ved Marinens Hovedværft i Horten.
No vert KS «Norge» nytta av kongefamilien til offisielle og private reiser i Noreg og i utlandet. Båten er drifta av Sjøforsvaret.
Sjå og Hjuldampskipet «Norge» DS «Norge» Luftskipet «Norge» Panserskipet «Norge»
Kjelder Forsvarsnett Sverre Mo: Norske marinefartøy. Bodoni forlag. Bergen 2008
Norge Kategori:Det norske kongehuset Norge Kategori:Skip frå 1937 Kategori:Norske skip Kategori:Skip kalla opp etter Noreg