«Time» er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973, og er den einaste songen på albumet som er tilskriven til alle fire medlemmane. Han er kjend for den lange introen med ringande klokkar og alarmar, som vart spelt inn som ein stereotest av Alan Parsons, og ikkje laga spesifikt for albumet.
Songen er ein memento mori som skildrar fenomenet om at tida tilsynelatande går fortare når ein vert eldre, og at dette stundom fører til fortviling på grunn av moglegheiter ein ikkje greip i tidlegare år.
Komposisjon
Songen opnar med eit hav av klokker og alarmar som ringer og kimar. Kvar klokke vart spelt inn separat i ein antikvitetsbutikk. Etter dette følgjer eit to minutt langt og skummelt parti, som vert dominert av Nick Mason sine rototommar. David Gilmour syng solovokalen på versa, medan Richard Wright syng refrenget med kvinnelege koristar. Teksten til Roger Waters handlar om at livet ikkje går ut på å førebu seg på det neste som skjer, men om å ta kontroll over sin eigen lagnad. Gilmour spelar ein gitarsolo over same akkordprogresjon som i versa og refrenget. Gitarsoloen vert rekna for å vere ein av Gilmour sine aller beste, og ein av dei beste gitarsoloane i rockehistoria. Songen glir rett over i «Breathe (Reprise)», som alltid er på same spor på plata.
Fakta Songen vart gjeven ut som b-sida til singelen «Us and Them» i USA, og nådde 101. plass på Billboardlista. Internettsida DigitalDreamDoor kåra teksten til den nestbeste songteksten nokonsinne, berre slått av «Desolation Row» av Bob Dylan. Beastie Boys brukte eit utdrag av «Time» på songen deira «Looking Down the Barrel of a Gun» frå albumet Paul's Boutique. The Prodigy brukte dei ringjande klokkene på spora sine «Claustrophobic Sting» og «Wake Up Call» Etter at klokkene er ferdig å ringe, er tempoet i songen nøyaktig 60 slag i minuttet.
Medverkande David Gilmour – elektrisk gitar, solovokal (vers og «Breathe (Reprise)») og korvokal (mellomspel og «Breathe (Reprise)») Richard Wright – Farfisaorgel,http://www.watersish.com/archives/cat_wrightish.html Wurlitzer elektrisk piano, EMS VCS 3 og solovokal (mellomspel) Roger Waters – bassgitar Nick Mason – trommer og rototom
med:
Doris Troy – korvokal Lesley Duncan – korvokal Liza Strike – korvokal Barry St. John – korvokal
Andre versjonar Konserversjonar vart gjeve ut på både Delicate Sound Of Thunder og P*U*L*S*E Roger Waters har gjeve songen ut på konsertalbumet In the Flesh: Live, ein versjon der han syng vokalen sjølv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Time (Pink Floyd song)» frå , den 5. januar 2007. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar om alderdom Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Nick Mason Kategori:Songar skrivne av Richard Wright Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason