Moffen naturreservat er eit naturreservat oppretta ved forskrift av 3. juni 1983 i medhald av Svalbardlova, med seinare endringar gjort med heimel i Lov om miljøvern på Svalbard.
Moffen naturreservat omfattar øya Moffen og ei sjøsone ut til 300 m frå land eller frå skjer ved lågaste vasstand. Moffen ligg ved utløpet av Wijdefjorden på nordsida av Spitsbergen på Svalbard.
Formålet med fredinga er å verne om ein av dei viktigaste kvileplassane for kvalross på Svalbard og tilhøyrande plantesamfunn, fuglar og pattedyr. Fredinga inneber forbod mot ferdsel i tida 15. mai til 15. september.
Bakgrunnsstoff Moffen naturreservat Verneområde på Svalbard
Kategori:Naturreservat på Svalbard Kategori:Verneområde oppretta i 1983