Hans Johan Røsjorde () er ein norsk gymnaslektor og politikar (FrP). Han representerte Hordaland på Stortinget frå 1987 til 2001 og var visepresident på Stortinget frå 1997 til 2001. I 1998 vart Røsjorde utnemnd som fylkesmann for Oslo og Akershus etter Kåre Willoch, og tok til i denne stillinga 1. november 2001 etter at stortingsmandatet var avslutta.
Bakgrunn Visepresident på Stortinget (1997–2001) Leiar av Stortingets forsvarskomité (1989–2001) Lagtingspresident (1989–1993) Stortingsrepresentant for FrP (1987–2001) Lektor og rådgjevar ved Stord gymnas (1972–1987) Lektor ved Breidablikk ungdomsskule i Sandefjord (1970–1972) Cand.real. (marinbiologi hovudfag) frå Universitetet i Oslo (1970)
Hans J. Røsjorde har i tillegg militær utdanning og teneste i perioden 1962 til 1990. I 1982 oppnådde han kapteins grad. Han har òg vore medlem av NATO-parlamentet (1989–2001), og har i samband med det hatt ulike tillitsverv for NATO.
Kjelder Fylkesmannen i Oslo og Akershus si vevside
Kategori:Fylkesmenn i Oslo og Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske marinbiologar Kategori:Folk frå Larvik