Anders Jacobsen () er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hønefoss som representerer Ringkollen SK. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07. I fire ulike verdsmeisterskap vann han til saman sju medaljar. Jacobsen vart norsk meister i normalbakken 2007 og 2012 og i storbakkken i 2008, 2010, 2011 og 2015.

Karriere Jacobsen debuterte i verdscupen 24. november 2006 i Kuusamo, Finland, der han overraskande vart nummer tre. Framgangen heldt fram, i desember vann han eit renn i Engelberg. Vel ein månad etter gjennombrotet vart 21-åringen vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07, etter å ha gått til topps i to av renna. Seinare i januar vann han eit renn i Willingen. Sesongen under eitt vart han nummer to i verdscupen, bak Adam Malysz.

I gjennombrotssesongen 2007 vann han altså i fire renn i verdscupen, seinare sigra han i eitt renn i 2008 og eitt i 2010. Elles i verdscuprenn erobra han elleve andreplassar og seks tredjeplassar. Si einaste individuelle VM-medalje, ein bronse, vann han i storbakken i Liberec i 2009. I lagtevlingar vann han tre sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i til saman fire ulike verdsmeisterskap.

Jacobsen melde i juni 2011 atha la hoppskia på hylla, då han hadde gått lei all treninga. Lysta til skihopping kom tilbake vinteren 2012. Fyrst vart han nummer seks i storbakke-NM i Trondheim, før han i slutten av mars tok eit soleklart NM-gull på Voss. I sin siste sesong sikra Jacobsen seg sitt sjette NM-gull då storbakkerennet under Ski-NM 2015 vart avvikla i Holmenkollen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 2007 i Sapporo: Sølvmedalje i lagtevlinga i stor bakke VM i skiflyging 2008: Bronsemedalje i lagtevlinga Ski-VM 2009 i Liberec: Bronsemedalje i stor bakke Vinter-OL 2010 i Vancouver: Nr 9 i normalbakken. Med på begge bronselaga i lagtevlingane Ski-VM 2011 i Oslo: Nr 9 i stor bakke. Med på begge sølvlaga

Besteplasseringar i internasjonale renn/verdscupen 2006/07: Fire sigrar (Engelberg, Innsbruck, Bischofshofen, Willingen), fem andreplassar og to tredjeplassar 2008: Siger i Liberec, ein andreplass og tre tredjeplassar 2009: Tre andreplassar og ein tredjeplass 2010: Vinnar av skiflygingsrenn i Oberstdorf, ein andreplass og ein tredjeplass 2011: Nr 4 i Garmisch-Partenkirchen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2006: Nr 4 i normalbakken i Heddal Ski-NM 2007: Gullmedalje i normalbakken i Molde, sølvmedalje i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2008: Gullmedalje i storbakken og sølvmedalje i normalbakken, begge renna i Trondheim Ski-NM 2009: Nr 4 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2010: Gullmedalje i storbakken i Trondheim Ski-NM 2011: Gullmedalje i storbakken i Oslo Ski-NM 2012: Gullmedalje i normalbakken på Voss Ski-NM 2013: Bronsemedalje i normalbakken og i storbakken på Rena Ski-NM 2014: Nr 9 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2015: Gullmedalje i storbakken i Oslo

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Anders Jacobsen i olympedia.org

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Ringerike