Anders Bardal () er ein norsk skihoppar som representerer Steinkjer Skiklubb. Han vann verdscupen i skihopping 2012, der han gjennom sesongen gjekk til topps i tre enkeltrenn. Hans fyrste siger i verdscupen kom i januar 2008. Bardal ha vunne seks noregsmeisterskap: han tok dobbelt NM-gull i 2002, noregsmeister på ny vart han i normalbakken i 2008, i storbakken 2009, i normalbakken 2011 og storbakken 2012. Han har elles vunne fem sølvmedaljar i laghopp under ulike ski-VM og skiflygings-VM, dessutan to bronsemedaljar i same øvinga under skiflygings-VM og vinter-OL, alle sju medaljane i tida frå 2008 til 2011.
Karriere Bardal debuterte i verdscupen i Willingen i februar 2001, og deltok i OL i Salt Lake City i vinter-OL 2002. Etter han vann begge NM-tevlingane i 2002 kom fleire sesongar der han fekk få sjansar i verdscupen. Han deltok i staden i Kontinentalcupen, der han noterte seg for 13 enkeltsigrar og som han i 2006 vann samanlagd.
Fyrst i 2007-sesongen byrja Bardal å gjere seg gjeldande i verdscupen. Han vart då nummer 16 samanlagt. Sesongen etter slo han seg inn i verdseliten, mellom anna med sin fyrste verdscupsiger i Zakopane i januar 2008. I verdscupen samanlagd vart han nummer fem. Dei neste to sesongane hamna han lengre nede på resultatlistene i internasjonale renn, særleg mislukkast han i OL-sesongen 2010. Gjennom VM-sesongen 2011 var han eit sikkert kort mellom Noregs beste skihopparar, og var med på begge dei norske laga som vann sølvmedaljar i lagtevlingane.
Gjennom det meste av 2012-sesongen hoppa Bardal stabilt godt og prega toppen av resultatlistene i verdscupen, med eit lite unnatak for slutten av sesongen. Sidan ingen annan skihoppar hoppa jamt godt gjennom heile sesongen, sigra han i verdscupen 2012 med 1 325 poeng mot toaren Gregor Schlierenzauer sine 1 267 poeng.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap 2002: Nr 15 i VM i skiflyging i Harrachov 2007: Nr 16 i normalbakken i ski-VM i Sapporo og sølvmedalje i laghopping same staden 2008: Nr 18 i VM i skiflyging i Oberstdorf og bronsemedalje i laghopping same staden 2009: Nr 5 i storbakken i ski-VM i Liberec og sølvmedalje i laghopping same staden 2010: Nr 18 i normalbakken under vinter-OL i Vancouver. Sølv i VM i skyflyging for lag i Planica og bronse i OL for lag i Vancouver 2011: Nr 7 og 9 i storbakken og normalbakken i ski-VM i Oslo. Med på begge sølvlaga.
Besteplasseringar i internasjonale renn 2001: Nr 13 i Trondheim 2001/02: Nr 13 i Engelberg 2003: Nr 8 i Bad Mitterndorf 2004: Nr 4 i Titisee 2005: Nr 19 to gongar 2006: Nr 6 i Sapporo 2007: Nr 3 i Oslo 2008: Siger i Zakopane, to andreplassar (Bischofshofen & Kuopio) og to tredjeplassar 2009: To fjerdeplassar, i Trondheim og i Planica (skiflyging) 2010: Nr 11 i Oslo 2011: Nr 4 i Lahti 2012: Vinnar av tre renn i verdscupen; Engelberg, Bad Mitterndorf, Willingen, og av verdscupen samanlagt
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2001: Nr 4 i storbakken i Trondheim Ski-NM 2002: Gullmedalje både i normalbakken i Høydalsmo og i storbakken på Odnes Ski-NM 2003: Nr 5 i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 2004: Bronsemedalje i normalbakken på Bardufoss Ski-NM 2006: Nr 6 i storbakken i Oslo Ski-NM 2007: Bronsemedalje i normalbakken i Molde Ski-NM 2008: Gullmedalje i normalbakken og bronsemedalje i storbakken, begge renna i Trondheim Ski-NM 2009: Gullmedalje i storbakken på Lillehammer, bronsemedalje i normalbakken på Raufoss Ski-NM 2010: Sølvmedalje i normalbakken i Vikersund Ski-NM 2011: Gullmedalje i normalbakken i Sprova, bronsemedalje i storbakken i Oslo Ski-NM 2012: Gullmedalje i storbakken i Trondheim
Bakgrunnsstoff
Anders Bardal i olympedia.org
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Folk frå Steinkjer