David Bowie er debutalbumet til den britiske musikkartisten David Bowie, gjeve ut i 1967 av Deram Records, som var ein del av Decca Records. Innhaldet på plata var ganske så annleis musikksjangrane Bowie seinare vart kjend for, slik som folkrock på Space Oddity eller glamrock på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders From Mars. NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt at «ein som høyrer på debutalbumet, som er vand med musikken hans frå 70-talet, vil truleg meine at det anten er sjokkerande eller rett og slett gammaldags».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.21-25
Påverknad Bowie var på denne tida påverka av mellom anna dei teatralske tonane til Anthony Newley, av varietémusikk av artistar som Tommy Steele, og meir underleg britisk musikk av artistar som Ray Davies og The Kinks, barnerima til Syd Barrett frå den tidlege utgåva av Pink Floyd, og enkelte songar av The Beatles som «Being for the Benefit of Mr. Kite!».David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: pp.35-45 Ynskje til Bowie sin dåverande manager, Ken Pitt, var at Bowie skulle verte ein «all-round artist» i staden for ei «rockestjerne». Pitt påverka òg musikkstilen hans på denne tida, og dei unngjekk stort sett totalt rock ’n’ roll-stilen.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.253
Musikkstil og tema «Rubber Band» var marsjmusikk med tuba som hovudinstrument. «Little Bombardier» og «Maid of Bond Street» var valsar, og inneheldt mykje blåseinstrument og strykarar. «Love You Till Tuesday» og «Come and Buy My Toys» var ein av få songar som hadde ein akustisk gitar som hovudinstrument. «Join the Gang» var eit sjeldan tilfelle der han utforska den samtidige ungdomskulturen, eit bittert syn på gruppepress og narkotikamisbruk, med sitar som eit av instrumenta. Den siste songen «Please Mr. Gravedigger», er «ein makaber duett for vokal og lydeffektar», og har vorte skildra som ein av «eit av dei verkeleg skrullete augneblikka i popmusikken».
Sjølv om albumet stiller seg på sida av musikken Bowie seinare skulle gje ut, har enkelte kritikarar oppdaga enkelte tema som viste fram mot seinare songar og album. «We Are Hungry Men» vert fortalt av Bowie som ein «messias-liknande» person, som seinare dukkar opp igjen i songar som «Cygnet Committee» (frå Space Oddity), «Saviour Machine» (frå The Man Who Sold the World) og «Oh! You Pretty Things» (frå Hunky Dory), i tillegg til hovudpersonen på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Songen referer òg til tema som abort, barnemord og kannibalisme. «There is a Happy Land» var første gong Bowie såg på born som ein eigen rase i forhold til vaksne, eit tema som dukka opp att på The Man Who Sold the World, Hunky Dory og Ziggy Stardust. «She's Got Medals» var ei soge med homofile og lesbiske tydingar som kom før «kjoleomslaget» på The Man Who Sold the World og den biseksuelle/androgyne karakteren til Ziggy Stardust.
Utgjeving Albumet vart gjeve ut i Storbritannia i både mono- og stereoutgåve 1. juni 1967, same datoen som The Beatles gav ut Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. To singlar vart gjeve ut før albumet med dei same musikarane som spelte på albumet, «Rubber Band» med «The London Boys» som b-side (desember 1966) og «The Laughing Gnome» med «The Gospel According to Tony Day» som b-side (april 1967). «The London Boys» har vorte kalla Bowie sitt første meisterverk,Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: p.15 ein melankolsk observasjon av Mod-rørsla i London på den tida. «The Laughing Gnome» var nærast for ei barneplate å rekne med «smurfeliknande» vokal, men denne effekten med varierande tonehøgd var brukt meir seriøst på seinare songar som «After All», «The Bewlay Brothers», «Fame» og «Scream Like a Baby». Ei nyinnspelt utgåve av «Love You Till Tuesday» med b-sida «Did You Ever Have a Dream» vart gjeven ut på singel i juli 1967. Ingen av singlane gjekk inn på listene.
David Bowie vart gjeve ut i USA i august 1967 utan songane «We Are Hungry Men» og «Maid of Bond Street». Alle songane frå albumet og singlane frå denne perioden vart gjevne ut på fleire samlealbum, inkludert The World of David Bowie (1970), Images 1966-1967 (1973), Rock Reflections (1990), og The Deram Anthology 1966-1968 (1997). Fleire av songane vart brukt i Ken Pitt sin salsfremmande film Love You Till Tuesday i 1969, men denne kom ikkje ut før i 1984.
Innhald
I 2010 vart David Bowie gjeven ut på ny i ei omfattande deluxe-utgåve. Utgåva bestod av to plater. Den første plata inneheld originalalbumet, medan spor 15 til 28 var heile albumet på nytt i monoutgåve.
Songar
Uncle Arthur
«Uncle Arthur» er opningssporet på albumet og òg ein av dei første som vart spelt inn for albumet. Teksten skildrar ein person, på liknande vis som Ray Davies gjorde i The Kinks, men Bowie sin person er meir surrealistisk og lausrive frå menneskja. Den Batman-elskande personen er både eit trist portrett av ein mellomaldrande mann som ikkje aksepterer lukka han snublar over, og av ein liten gut som førestiller seg at han er vaksen, ein som rømmer frå utstrekt kontakt med jenter. Han fortel at personen berre er kjend som Uncle Arthur, og gjev ei kjensle av at teksten er fortalt frå eit barneperspektiv, der det forvirrande vaksenlivet vert forklat av barnelogikk, t.d. at onkel Arthur forlét Sally, fordi han ikkje likte maten hennar, or so mum says).
Songen vart spelt inn 14. november 1966.
Sell Me a Coat Lenge før Bowie gav ut debutalbumet sitt, sende manageren hans Ken Pitt, songar til amerikanske musikarar i håp om at han først skulle bli kjend som låtskrivar. Han sendte då «She’s Got Medals» og «Silly Boy Blue» til Jefferson Airplane og Big Brother and the Holding Company. Begge avslo begge songane.
«Sell Me a Coat» er av dei meir pop-aktige songane på albumet. Versa har ein melodi i lågt toneleie, medan Bowie syng teksten langsamt og roleg. Refrenga har eit meir livleg tempo, i eit høgare toneleie og består av korte, slagkraftige frasar, som «little patch pockets»). Teksten består av bilete av vinter og fortviling, som at kjærasten hans har forlate han, og seinare varme og fornying, der han i refrenget leitar etter ein ny kjæraste.
Songen vart spelt inn 8. desember 1966. Ein versjon av songen vart nytta i promofilmen Love You Till Tuesday i 1969 med ny korvokal frå Hermione Farthingale og John Hutchinson.
Rubber Band
Love You Till Tuesday
There is a Happy Land
Songen er ein av fleire Bowie skreiv på denne tida der teksten er sett frå synspunktet til eit barn. Dette var ganske vanleg i psykedeliaen på denne tida, der ein utforska barndomen og rekna tenkemåten til barn på liknande måte som LSD-inspirerte syn. Ein annan av Bowie sine songar som gjer det same er «When I'm Five». Teksten skildrar barndomen som ein slags eigen orden, med sine eigne rangar og laug, legender og fraksjonar som var ukjende for vaksne. Songen er sett til ei slette i skumringa, timen før middagstid, når «barneriket» er på høgdepunktet sitt.
Songen har eit musikalsk arrangement som er av dei meir ambisiøse på plata, med ein 16-taktar lang instrumental introduksjon, med ein første solo som høyres ut som ein celesta og ein andre solo som vert spelt av eit valthorn. Delar av soloane dukkar opp som motiv seinare i songen, i lag med fleire andre tema. Bowie syng mykje av teksten i lange, langsame tonar, utanom replikkane til dei vaksne, som er korte, mot slutten av kvart vers.
Tittelen kjem kanskje frå «There Is a Happy Land (Far, Far Away)», ei skotsk salme frå 1800-talet.
Songen vart spelt inn 24. november 1966.
We are Hungry Men Songen opnar med ein vanvitig «BBC-programvert» som fortel at verda er i ferd med å bli overfolka, har eit mellomspel med teikneserieaktig Nazi-skrål og når eit høgdepunkt når Bowie syng over skrikande blåsarar: «I’ve prepared a document legalizing mass abortion! We will turn a blind eye to infanticide!» («Eg har førebudd eit dokument for legalisering av masseabort! Vi skal vende det blinde auga til barnedrap!»)
I lag med «She’s Got Medals» er dette det første forsøket til Bowie på eit tema som han var oppteken av det neste tiåret med Messias-liknande fascistiske politikarar og dystopiane som dei kom til makta i. Seinare døme på dette er «Cygnet Committee», «The Supermen» og det meste av Diamond Dogs.
Songen vart spelt inn 24. november 1966.
When I Live My Dream
Albumet David Bowie var i røynda ferdig i midten av desember 1966, men Deram venta seks månadar før dei gav ut albumet. I februar 1967 spelte Bowie inn to ny songar, som vart inkludert på albumet. Det kan verke som om Bowie og manageren hans Ken Pitt meinte at songen kunne bli gjennombrotet hans. Den første versjonen var enkel, men vart raskt etterfølgd av eit meir avansert arrangement av Ivor Raymonde. Denne versjonen vart føreslått som singel, men Deram avslo. Bowie nytta songen ved fleire høve resten av 1960-åra, og inkluderte songen i pantomimeshowet Pierrot in Turquoise, spelte inn ein tyskspråkleg versjon («Mit Mir in Deinem Traum») og nytta songen som avslutningsnummer i promofilmen Love You Till Tuesday. Han gav til slutt opp i juli 1969, då Bowie spelte «When I Live My Dream» i eit storbandarrangement i ein internasjonal songfestival i Valetta på Malta og tapte til eit spansk barnetalent kalla Cristina.
Songen leid av dårleg timing, delvis på grunn av den sentimentale stemninga som høyrtes banalt ut då han kom sommaren 1967. Leos Carax nytta songen i filmen sin Boy Meets Girl i 1984 og Seu Jorge spelte inn ein portugisk språkleg versjon i 2004 for filmmusikken til Life Aquatic.
Den første versjonen vart spelt inn 25. februar 1967, og ein ny versjon 3. juni 1967.
Little Bombardier Teksten handlar om ein fattigsleg, gammal krigsveteran som lever eit trist liv aleine, men som får gleda attende når han spionerer på to barn. Han kjøper snop og gåver til dei, og dei elskar han. Han vert så mistenkt for å vere pedofil og vert jaga ut av byen. Om den gamle mannen verkeleg var pedofil eller ikkje, får ein ikkje vite.
Songen går i valsetakt. I 1966 var det uvanleg for ein rockemusikar å bruke 3/4-takt. Songen vart spelt inn 8. desember 1966. BBC likte songen godt nok til at dei bad han framføre songen under den første Top Gear-framføringa hans seint i 1967.
Silly Boy Blue «Silly Boy Blue» er eit forsøk frå Bowie på å skildre tibetansk kultur i ein popsong. Bowie hadde vore interessert i tibetansk buddhisme sidan midten av tenåra, då han las Heinrich Harrer-boka Seven Years in Tibet frå 1952, og etter kvart møtte og vart ven med den tibetanske lamaen Chimi Youngdong Rimpoche, som budde i eksil i London.
Songen er strukturert i fire vers, delt i par av eit mellomspel. Songen går opp ein toneart på det tredje, ordlause verset. Den første versjonen av songen vart spelt inn seint i 1965 med the Lower Third, og hadde ein grunnleggande Beatles-rytme. På albumversjonen, som vart spelt inn den 8. desember 1966, nyttar Bowie ein annan rytme med større dynamisk effekt.
Bowie spelte «Silly Boy Blue» to gonger for BBC, mellom anna i 1968 med eit forseggjort arrangement av Tony Visconti med mellom anna gongar og klokkespel. Denne versjonen finst på Bowie at the Beeb. Songen vart spelt inn av Billy Fury same året.
Bowie-songen «Seven Years in Tibet» har eit liknande tema. Bowie spelte òg inn «Silly Boy Blue» inn på nytt for det uutgjevne albumet Toy kring år 2000 og framførte han under Tibet House Benefit i Carnegie Hall in februar 2001. Biografen Nicholas Pegg skriv at Right Said Fred nytta ein del av melodien i hitten deira «Don’t Talk Just Kiss» i 1991.
Come and Buy My Toys
«Come and Buy My Toys» har eit av dei enklaste arrangementa på David Bowie med akustisk gitar spelt av John Renbourn, bass og vokalen til Bowie. Songen har eit liknande tema som «There is a Happy Land». Songen vart spelt inn 12. desember 1966.
Join the Gang