mini|Robbie Fowler Robert (Robbie) Bernard Fowler () er ein engelsk fotballspelar, fødd i Toxteth i Liverpool i England, som spelar for Liverpool FC. Fowler er no inne i sin andre periode i klubben. Han returnerte til Liverpool FC i januar 2006, etter fem sesongar i Leeds United og Manchester City.
Klubbspel I den første perioden sin i Liverpool, blei Fowler ein av klubbens største heltar gjennom tidene. Han var ein av engelsk fotballs mest målfarlege spelare på 1990-talet, og scora totalt 171 mål på sine åtte første sesongar i Liverpool. At han i tillegg var ein lokal spelar gjorde han ikkje mindre populær blant tilhengjarane. Då han starta karrieren sin, hadde Fowler talet 23 på ryggen, men overtok etter kvart Ian Rush si trøye nummer 9. Hjå Manchester City vart han klubben sin toppskårar i Premier League i 2004/05-sesongen, med 11 seriemål.
Landslagsspel Fowler deltok i 26 av Englands landskampar i tida 1996-2002, skåra sju mål. Han var innbyttar i to kampar under Fotball-EM 1996 og ein i Fotball-VM 2002.
KlubbKampar*Mål*Periode Liverpool2361201993-2001 Leeds30142001-2003 Manchester City48102003-2006 Liverpool1542006- * Berre ligakampar.
Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av den engelske ligacupen: 1995 og 2001 med Liverpool FC Finalist i meisterligaen: 2007 med Liverpool FC Finalist i FA-cupen: 2008 med Cardiff City
Bakgrunnsstoff eu-football Liverpool.no om Fowler Liverpools eiga heimeside om Fowler
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Cardiff-spelarar Kategori:Blackburn-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002