mini|Bodø Domkyrkje mini|Bodin kyrkje frå midten av 1200-talet er den eine av dei to mellomalderkyrkjene i prostiet. mini|Gildeskål gamle kyrkje bygd på 1100-talet, og påbygd på 1700-talet. mini|Rønvik kyrkje frå 1997 er den nyaste av kyrkjene i prostiet. mini|Værøy nye kyrkje Bodø Domprosti er eit tenestedistrikt i Sør-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Sidan prostiet er knytt til domkyrkja i Bodø, er det domprosten som leier prostiet. I geografisk utstrekking svarar prostiet til kommunane Bodø, Gildeskål, Meløy, Røst og Værøy.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Bodø Domprosti Bodø kommune Tidlegare Bodø Domkyrkje prestegjeld Bodø Domkyrkje sokn

Tidlegare Bodin prestegjeld Bodin sokn

Tidlegare Rønvik prestegjeld Rønvik sokn Kjerringøy sokn

Tidlegare Saltstraumen prestegjeld Saltstraumen sokn

Tidlegare Skjerstad prestegjeld Skjerstad sokn Misvær sokn

Meløy kommune Tidlegare Meløy prestegjeld Fore og Meløy sokn Halsa sokn Glomfjord sokn

Gildeskål kommune Tidlegare Gildeskål prestegjeld Gildeskål sokn

Værøy kommune Tidlegare Værøy prestegjeld Værøy sokn

Røst kommune Tidlegare Værøy prestegjeld Røst sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Prosti i Sør-Hålogaland bispedømme Kategori:Nordland fylke