mini|Namsos kyrkje. Namdal prosti er eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Namsos kor Namsos kyrkje er prostikyrkje.Namsos kyrkje frå Kyrkjesøk
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Frå 1. juli 2015 vart Nærøy prosti lagt ned og slått saman med Namdal under namnet Namdal prosti.
Sokn i Namdal prosti Namsos (tidlegare prestegjeld) med Namsos sokn Klinga sokn Vemundvik sokn
Fosnes (tidlegare prestegjeld) med Fosnes sokn Otterøy sokn
Lierne (tidlegare prestegjeld) med Nordli sokn Sørli sokn
Namsskogan (tidlegare prestegjeld) med Namsskogan sokn Røyrvik sokn
Grong (tidlegare prestegjeld) med Grong sokn Harran sokn
Overhalla (tidlegare prestegjeld) med Ranem sokn Skage sokn Høylandet sokn
Flatanger (tidlegare prestegjeld) med Flatanger sokn Statland sokn
Nærøy (tidlegare prestegjeld og eiga prosti) med Nærøy sokn Kolvereid sokn Foldereid sokn Leka sokn Gravvik sokn Vikna sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Referansar
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Trøndelag fylke Kategori:Nidaros bispedømme Kategori:Namdalen