mini|Stedje kyrkje Indre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Indre og Ytre Sogn prosti. Prostiet femnde kommunane Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten hadde sete på Stedje. Ein periode på 1800- og 1900-talet var prostiet delt i Indre og Midtre Sogn prosti, slik at dagens Luster og Årdal utgjorde det indre prostiet.

I 2013 vart Vik og Balestrand overførde til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Prostiet bytte då namn til Sogn prosti.«Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Det var 22 sokn i prostiet (2013).

Borgund sokn i Sogn Dale sokn i Sogn Fet og Joranger sokn Fjærland sokn Flåm sokn Fortun sokn Gaupne sokn Hafslo sokn Hauge sokn Jostedal sokn Kaupanger sokn Leikanger sokn Nedre Årdal sokn Nes sokn i Sogn Norum sokn Nærøy sokn i Sogn Solvorn sokn Stedje sokn Tønjum sokn Undredal sokn Vangen sokn Øvre Årdal sokn

Prestegjeld Prestetenesta lokalt var tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Indre Sogn prosti desse prestegjelda:

Leikanger prestegjeld Leikanger sokn Feios sokn (overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1999) Fresvik sokn (overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1999) Sogndal prestegjeld Stedje sokn Kaupanger sokn Norum sokn Fjærland sokn (overført frå Balestrand prestegjeld i Ytre Sogn prosti 2000) Aurland prestegjeld Vangen sokn Flåm sokn Undredal sokn Nærøy sokn Lærdal prestegjeld Tønjum sokn Borgund sokn Hauge sokn Årdal prestegjeld Nedre Årdal sokn Øvre Årdal sokn Hafslo prestegjeld Hafslo sokn Solvorn sokn Luster prestegjeld Dale sokn Nes sokn Fortun sokn Jostedal prestegjeld Jostedal sokn Fet og Joranger sokn Gaupne sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kjelder

Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Sogn og Fjordane fylke Kategori:Bjørgvin bispedømme