mini|Kristiansand domkyrkje mini|Flekkerøy kyrkje mini|Lund kyrkje mini|Oddernes kyrkje Kristiansand Domprosti er eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Sidan prostiet er knytt til Kristiansand Domkyrkje, er det leia av ein domprost. Prostiet svarar til Kristiansand kommune i geografisk utstrekking.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn i Kristiansand Domprosti
Kristiansand kommune Tidlegare Kristiansand Domkyrkje prestegjeld Kristiansand Domkyrkje sokn
Tidlegare Lund prestegjeld Lund sokn
Tidlegare Randesund prestegjeld Randesund sokn Hånes sokn
Tidlegare Tveit prestegjeld Tveit sokn
Tidlegare Voie prestegjeld Voie sokn Flekkerøy sokn
Tidlegare Vågsbygd prestegjeld Vågsbygd sokn
Tidlegare Grim prestegjeld Grim sokn Hellemyr sokn
Tidlegare Oddernes prestegjeld Oddernes sokn Torridal sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Bakgrunnsstoff Om Kristiansand Domprosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Agder fylke Kategori:Prosti i Agder og Telemark bispedømme