mini|Eidsborg stavkyrkje frå siste halvdel av 1200-talet. mini|Kviteseid gamle kyrkje frå kring 1150. mini|Seljord kyrkje frå kring 1150. Vest-Telemark prosti (tidlegare Øvre Telemarken vestfjeldske prosti) var eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete på Dalen. Prostiet oppstod ved delinga av Øvre Telemarken prosti i Øvre Telemarken vestfjeldske og østfjeldske prosti i 1838. Frå 1. januar 2015 inngår tidlegare Vest-Telemark prosti i det gjenoppretta Øvre Telemark prosti.

I geografisk utstrekking svarte prostiet til kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.

Prostiet var inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Vest-Telemark prosti

Tokke kommune Tidlegare Tokke prestegjeld Høydalsmo og Lårdal sokn Eidsborg, Mo og Skafså sokn

Nissedal kommune Tidlegare Nissedal prestegjeld Nissedal sokn Treungen sokn

Fyresdal kommune Tidlegare Fyresdal prestegjeld Fyresdal sokn

Kviteseid kommune Tidlegare Kviteseid prestegjeld Kviteseid sokn Vrådal sokn Brunkeberg sokn Fjågesund og Kilen sokn

Vinje kommune Tidlegare Rauland prestegjeld Rauland sokn Øyfjell sokn Møsstrond sokn

Tidlegare Vinje prestegjeld Vinje og Nesland sokn Grungedal sokn

Seljord kommune Tidlegare Seljord prestegjeld Seljord sokn Flatdal sokn Åmotsdal sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Vest-Telemark prosti på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Telemark fylke