mini|Hamar Domkyrkje Hamar domprosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hamar, Løten, Ringsaker og Stange i Innlandet fylke. Sidan prostiet er knytt til Hamar domkyrkje, er prostiet leia av ein domprost.
Historie Prostiet vart skipa i 1864 i samband med at Hamar bispedøme vart gjenoppretta. Namnet var då Hamar stiftsprosti og prostiet bestod av Vang prestegjeld. Området var skilt ut frå Hedemarken prosti. Namnet vart endra frå stiftsprosti til domprosti i 1922.
Tidslinje 1864 - Oppretta som Hamar stiftsprosti, bestod av Vang prestegjeld 1908 - Dei nyoppretta Hamar prestegjeld og Furnes prestegjeld vart del av prostiet 1922 - Namnet vart endra til Hamar Domprosti 1972 - Hedmark prosti vart lagt ned og prestegjelda Nes, Ringsaker, Brøttum, Veldre, Løten, Romedal og Stange vart innlemma i Hamar Domprosti. 1987 - Stange prestegjeld vert delt, Ottestad sokn vert skilt ut som Ottestad prestegjeld. 2007 - Ringsaker prosti vart oppretta og sokna i Ringsaker vart overført frå Hamar Domprosti til det nye prostiet. 2025 - Ringsaker prosti vart overført tilbake til domprostiet.
Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesrådBrummunddal/Veldre soknBrummunddal kyrkje Veldre kyrkjeRingsakerBrøttum soknBrøttum kyrkje Mesnali kyrkjeRingsakerFurnes soknFurnes kyrkjeRingsakerHamar Domkyrkje sokn Hamar Domkyrkje Storhamar kyrkje Hamar Løten sokn Løten kyrkje Løten Nes sokn i RingsakerHelgøya kyrkje Nes kyrkje i Ringsaker Stavsjø kyrkjeRingsakerOttestad sokn Ottestad kyrkje Stange Ringsaker soknRingsaker kyrkjeRingsakerRomedal sokn Romedal kyrkje Stange Stange soknStange kyrkje Stange Tangen sokn Tangen kyrkje på HedmarkenStrandlykkja kapell Stange Vallset sokn Vallset kyrkje Stange Vang sokn i HamarVang kyrkje på HedmarkenØvre Vang kyrkje Hamar Åsmarka soknÅsmarka kyrkjeRingsaker
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Hamar Domprosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Hamar bispedømme
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Hedmark fylke Kategori:Skipingar i 1864 Kategori:1864 i Noreg