mini|Torshov kyrkje Nordre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det er eitt av dei fem prostia som dekkjer Oslo kommune. Prosten har sete på Torshov.

Historie Prostiet vart oppretta i 1984, under namnet Torshov prosti. Området høyrde før det under Oslo Domprosti. Namnet vart endra frå Torshov til Nordre Aker i 1994. Frå skipinga femnde prostiet prestegjelda Grefsen, Lilleborg, Paulus, Sagene, Sofienberg, Tonsen og Torshov. I 2011 vart sokna Hasle og Sinsen overført til prostiet, medan Grefsen vart ført frå prostiet til Vestre Aker prosti og Tonsen til Østre Aker prosti.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesrådHasle sokn Hasle kyrkje Oslo Paulus og Sofienberg sokn Paulus kyrkjeSofienberg kyrkje Oslo Sagene og Iladalen sokn Sagene kyrkjeIladalen kyrkje Oslo Sinsen sokn Sinsen kyrkje Oslo Torshov og Lilleborg sokn Torshov kyrkjeLilleborg kyrkje Oslo

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Referansar

Bakgrunnsstoff Prostiliste for Oslo bispedøme på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Oslo bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Skipingar i 1984