Hønse-Lovisa er ein viktig figur i romanen Ungen av Oskar Braaten. Ho bur ved Akerselva på 1800-talet. Huset hennar blir kalla «Hønsereiret» og ho sjølv «Hønse-Lovisa» fordi ho tar seg av einslege mødre. Hønse-Lovisa gjev fabrikkjentene som har «kome i ulukka» ly og omsorg slik at dei kan behalde ungane sine sjølv om dei er fødd utanfor ekteskap. Dei kan syte arbeidet sitt og slepp å sette dei bort til oppfostring eller adopsjon.
Gjennom Hønse-Lovisa viste Oscar Braaten eit døme på nestekjærleik i praksis, og eit opprør mot samfunnsnormene som verka mot einslege mødre og ungane deira.
Hønse-Lovisa blir i filmatiseringa av ungen frå 1938 spelt av Ragnhild Hald og i ungen frå 1974 av Sølvi Wang.
mini|Hønse-Lovisas hus.
Hønse-Lovisas hus på Sagene ved Akerselva er eit hus der det er kafé, kultursentrum og galleri. Huset spela rolla som Hønse-Lovisa sitt hus i filmatiseringa av Ungen frå 1974.
Kjelder
Om «Hønse-Lovisas hus» på oslo.kommune.no Om oppsetjing av Ungen ved Braatenteatret mars 2003 Uttalelse fra Rådet for Makt- og demokratiutredningen — Særuttalelse fra Siri Meyer
Kategori:Oskar Braaten Kategori:Oppdikta nordmenn