Anette Sagen () er ein norsk skihoppar frå Hellfjellbygda i Vefsn. Som ein av dei beste kvinnelege skihopparane i verda, har ho vore ein forkjempar for kvinneleg skihopping som idrettsgrein. Ho representerer skiklubben Remma IL. Under Ski-VM 2009 vann ho bronsemedalje i normalbakke.

Anette Sagen begynte som skihoppar gjennom samarbeidsorganisasjonen Vefsnhopp.

I 2004 vart ho nekta å hoppe i Vikersund, ei sak som fekk mykje merksemd i media. Striden stod om kvinner i det heile teke er skikka til å hoppe i så store bakkar, sjølv om mange av kvinnene slo fleire menn. Torbjørn Yggeseth, formann i hoppkomiteen i det internasjonale skiforbundet, fronta vedtaket om å nekte jentene å hoppe i bakken. Til slutt enda det likevel med at jentene fekk hoppe i VikersundAnette Sagen får hoppe i Vikersund, Nettavisen 3.3.2004, og 5. mars 2004 hoppa Sagen 174,5 meter – det lengste ei norsk kvinne har hoppa på ski.Sagen hoppa 174,5 meter, Aftenposten 6.3.2004 Berre austerrikske Daniela Iraschko har hoppa lengre enn Sagen.

3. mars 2010 fekk ho æra av å gjere det første offisielle hoppet i den nye Holmenkollen.

Merittar

Ski-VM Bronsemedalje, normalbakke K90 under Verdsmeisterskapen i Liberec, 2009 Vinnar av FIS Ladies Grand Prix (tilsvarande Hoppveka for menn) 2003, 2004, 2006 og 2008 Vinnar av Continental Cup Ladies (tilsvarande verdscupen for menn) 2004/2005, 2005/2006, 2006/2007, 2007/2008, 2008/2009 42 enkeltsigrar i Continental Cup Ladies (pr. desember 2009) Noregsmeister åtte gonger

Referansar

Bakgrunnsstoff Tett på nett: Anette Sagen (VG, 2004) Tett på nett: Torbjørn Yggeseth (VG, 2004) - La Anette hoppe i Kollen (Dagbladet, 2004) Gir seg ikke (Dagbladet, 2004) Får likevel hoppe i Vikersund (Dagbladet, 2004) Står fjellstøtt på sitt nei (Dagbladet, 2004)

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Folk frå Vefsn