Senkveld var eit norsk talkshow som vart sendt fredagar på TV 2 frå 2001 til 2021. Programleiarar har vore Hans Christian Andersen og Tommy Steine (2001–2003), Thomas Numme og Harald Rønneberg (2003–2018), og Helene Olafsen og Stian Blipp (2018–2021). Formatet har haldt seg ganske likt, men med nokre skilnader i innslag og utforming.

Dei lengstlevande programleiarane for Senkveld er Thomas Numme og Harald Rønneberg, som leia programmet i 30 sesongar frå 2003 og 2018.

Programleiarar ProgramleiararByrjaSluttaAntal episodarAntal sesongarHans Christian Andersen, Tommy Steine7. september 200129. november 20022Thomas Numme, Harald Rønneberg12. september 200311. mai 201843530Helene Olafsen, Stian Blipp14. september 201821. mai 2019292

Historie

Hans Christian «HC» Andersen og Tommy Steine Premieren av Senkveld med HC og Tommy vart sett av 377 000 TV-sjåarar. Programleiarane vart ikkje einige med kanalen om fornying av programmet, og siste sending vart difor sendt 29. november 2002. Hans Christian Andersen ynskte å ta inn fleire internasjonale gjestar til programmet, men det gjekk ikkje TV 2 med på.

Thomas Numme og Harald Rønneberg Etter nærmare eit år utan programmet på TV-skjermen, ynskja TV 2 å gjera ei ny satsing på programmet. Thomas Numme og Harald Rønneberg gjekk frå jobben som programleiarar i Idol, og over til Senkveld. I mai 2010 vann programmet Gullruten for «Beste underholdning».

Helene Olafsen og Stian Blipp Den tidligare snøbrettkøyraren Helene Olafsen og Stian Blipp vart valgt av TV 2 til å overta som programleiarar. Senkveld med Helene og Stian hadde premiere i september 2018, og premieren vart sett på av 582 000 TV-sjåarar.

Konsept Programmet har behaldt det samme grunnkonseptet sidan starten i 2001. Den største delen av programmet går til intervju med ulike gjestar som er aktuelle. På slutten av programmet er det som oftast ein opptreden av ein artist eller gruppe.

I Senkveld med Thomas og Haraldsatt begge programleiarane bak ein pult og gjestane tok plass i ein sofa. Senkveld med Helene og Stian har endra litt på dette og fjerna pulten. Programleiarane sit no saman med gjestane sine i ein større sofa.

Sending Senkveld blir sendt på TV 2 på fredagar, og er tilgjengeleg på strømmetenesta TV 2 Sumo.

Bakgrunnsstoff Heimeside i tv2.no «Senkveld» i 100! i vg.no Senkveld-gutta på flukt i Forsvaret.no Slutt for «Senkveld» etter 20 år i vg.no

Kjelder

Kategori:Norske fjernsynsprogram Kategori:TV 2 Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Norske talkshow på TV