Bustadsparing for ungdom (BSU) er ei spareteneste som blir tilbode av dei fleste bankane i Noreg. BSU fungerer slik at ein opprettar ein eigen BSU-konto i ein bank der innskota gjev skattefordelar, men er øyremerka utgifter til kjøp av eigen bustad.

Meir om ordninga BSU er avgrensa slik: Maksimalt innskot per år er kr. 25 000 frå og med inntektsåret 2014.http://www.skatteetaten.no/no/Tabeller-og-satser/Boligsparing-for-ungdom-BSU/?ssy=2014https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-03-26-14/KAPITTEL_17-2#%C2%A716-10 Skattefrådrag for bustadsparing vert gjeve med 20 % av innbetalt sparebeløp, altså opp til kr. 5 000. Maksimalt innskot totalt som gjev skattefordelar er kr. 200 000. BSU kan gje skattefordelar til og med inntektsåret der den som sparar fyller 33 år.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Skatteetatens informasjonsfolder om BSU (NB! ikkje oppdatert med satsane frå 2009)

kategori:Norsk økonomi kategori:Sparing