thumb|KNM «Hitra» i hamna i Scalloway på Shetland, 20. juni 2003 thumb|KNM «Hitra» vitjar Karljohansvern i Horten, 2014. KNM «Hitra», Ex USN SC-718, er eitt av tre fartøy Den Kongelege Norske Marine fekk av USA i 1943. Dei var opphavleg konstruerte som kystubåtjagarar, og det vart konstruert over 900 båtar av denne typen. Det var etter kvart fleire land som mottok slike fartøy. Noreg nytta dei i organisasjonen Shetlandsbussen. Det var den norske spesialavdelinga Shetlandsgjengen som stod bak den illegale trafikken mellom Vestlandet og Shetland.
KNM «Hitra» er den einaste av alle fartøya i sitt slag som finst i opphavleg versjon og det einaste gjenlevande fartøyet som vart nytta av Den Kongelege Norske Marinen under andre verdskrigen. Skipet høyrer til formelt Marinemuseet, men er stasjonert på Haakonsvern Orlogsstasjon i Bergen. KNM «Hitra» er i dag eit museumsfartøy og seglar langs kysten av Noreg i sommarmånadane.
Fakta Dimensjonar: 111 fot 6 3/4 tommar x 18 fot 8 tommar x 6 fot. Deplasement (vekt): 125 tonn (daudvekt) Byggjematerial: Pitchpine (kanadisk furu) på eikespant. Maskineri: Til 1999: 2 stk. 16 sylindra diesel stjernemotorar på 1250 hk med vertikalståande veivaksel, type GM Detroit. Frå 1999: 2 stk. MTU 8V 183 TE 72 kvar på 550 hk Fart: Maksimum 22 knop (i dag går skipet med 15 knop som maksimums- og marsjfart). Rekkjevidd: 2500 nautiske mil med 10 knop Mannskap: 23 - 25 mann (i dag 10 mann til saman) Bestyrking: 1 stk. 6 punder (57 mm) Hotchkiss MK VII sjømålskanon. 1 stk. Bofors L/60, 40 mm luftvernkanon. 2 x 2 stk. 20 mm Oerlicon maskinkanoner. 2 stk. 0.5’’ (12,7 mm) vasskjølte Colt mitraljøser. Den fyrstnemnde kanonen manglar i dag.
Bakgrunnsstoff Heimesida til KNM «Hitra»
Kjelder Forsvarsnett
Hitra Hitra Kategori:Skip frå 1942 Kategori:Norske museumsskip Kategori:Kulturminne i Noreg frå andre verdskrigen