Lauvdal er ei bygd som ligg i Bygland kommune ved riksveg 9 på austsida av Byglandsfjorden i Agder. Bygda ligg 6 km sør for Bygland sentrum. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot fjorden og er eit prioritert kulturlandskap i Bygland kommune. Mange fornminne viser at det har vore busetnad her i svært lang tid. Blant anna er det funne ein spydspiss med sølvinnlegg. Han er send til eit museum i Oslo.

Tidlegare har det vore vanleg å drive med sauer og kyr, men i dag er det berre to bønder igjen.

Husmannsplassen Hagen

Lengst nord på Lauvdal ligg husmannsplassen Hagen. Han blei fråflytta på 1960-talet og har fått stå urørt etter det. I dag er han ein del av Setesdalsmuseet sin bygningsmasse. Han ligg like ved vegen.

Kjente personar frå Lauvdal

Åsulv Lande, professor i teologi ved Universitet i Lund Gunvor Lande, dr. theol. førsteamanuensis i teologi ved Høgskolen i Agder Vidar Lande, professor ved Høgskolen i Telemark og folkemusikar

Bakgrunnsstoff Prioriterte kulturlandskap i Bygland 2006 Husmannsplassen Hagen Spydspiss med sølvinnlegg funnet på Lauvdal

Kategori:Busetnader i Bygland Kategori:Bygder i Agder