Abdoulaye Wade () er ein jurist og politikar. Han var president i Senegal frå 1. april 2000 til 2. april 2012. I 1974 stifta Wade det liberale partiet Parti Démocratique Sénégalais (Det senegalesiske demokratiske partiet), som han har leia sidan.Store norske leksikon (2005-2007): Abdoulaye Wade i Store norske leksikon på snl.no. Henta 27. februar 2024. Han var i fleire tiår opposisjonsleiar og har både vore fengsla og i eksil.

Karriere Wade stilte for første gong som presidentkandidat i februar 1978 mot president Léopold Sédar Senghor, og fekk 17,4 % av røystene. Han stilte igjen i 1983, 1988 og 1993, og kom kvar gong på andre plass, bak president Abdou Diouf. I februar 2000 kom han igjen på andre plass i første runde av presidentvalet, men sidan ingen kandidatar fekk reint fleirtal vart det ein andre valomgang 19. mars. Wade vann med 58,5 % av røystene. Han vart president 1. april same året.

Det første året som president måtte Wade samarbeida med eit sosialistisk fleirtal i nasjonalforsamlinga. I 2001 fekk partiet hans fleirtal i parlamentsvalet. Etter ei ny grunnlov som vart vedtatt i 2001 vart presidentperioden redusert frå sju til fem år, frå og med neste presidentperiode. I desember 2004 vart det skrive under ein fredsavtale som skulle gjera slutt på tjue år med krig i Casamance-regionen sør i Senegal. Wade har kome under kritikk frå menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International for trakassering og trugsmål mot journalistar og opposisjonelle.

Ved presidentvalet i 2007 vann Wade, som kandidat for Det senegalesiske demokratiske partiet, ein klar siger i første runde, med 55.9 % av røystene.

mini|venstre|Abdoulaye Wade med George W. Bush i 2003.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Senegalesiske politikarar Kategori:Senegalesiske presidentar Kategori:Folk frå Louga-regionen