Mandrenskosjøen eller Mandrasjøen (Мандренско езеро) er den sørlegaste av Burgassjøane, og ligg like i nærleiken av Svartehavet og Burgas i Bulgaria. Han er 8 km lang og 1,3 km brei med eit areal på 38,84 km², og var fram til 1963 ein naturleg innsjø med brakkvatn. I 1963 vart han omgjort til eit reservoar for å sikre ferskvatn til det store oljeraffineriet Neftotsjim Burgas. Elvane Izvorska, Fakijska, Sredetska and Rusokastrenska munnar alle ut i innsjøen.

Delar av Mandrenskosjøen er del av eit verna område, og inneheld mange lokalt og globalt utryddingstrua fiske- og fugleartar.

Kjelde

Kategori:Burgassjøane