Oddmund er eit mannsnamn samansett av norrønt odd som tyder spyd og –mund som tyder vernar.

Oddmund har i Noreg namnedag 15. juli.

Bruken av namnet i Noreg Namnet hadde ein topp på popularitetsbarometeret på 1930-talet.

I folketeljinga frå 1801 var det ingen som vart listeført med dette namnet. I 1900 var det i overkant av 200 som heitte Oddmund, Odmund eller Udmund. I 2007 hadde om lag 1800 Oddmund som første fornamn (medrekna nokre få som heiter Odmund eller Udmund)

Kjende namneberarar Oddmund Hoel (1910-1983), norsk stortingsmann (V) Oddmund Peder Åkenes (1920-1989), norsk admiral Oddmund Jensen (1928-2011), norsk skiløpar og langrennstrenar Oddmund Raudberget (f. 1932), norsk teiknar og bilethoggar Oddmund Hagen (f. 1950), norsk forfattar

Kjelder

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav