Prince Edward Island (fransk Île-du-Prince-Édouard; skotsk gælisk Eilean a’ Phrionns eller Eilean Eòin; míkmaq Apekweit eller Epikwetk) er ei øy og ein provins i Canada. Provinsen er den minste i landet, både i folketal og flatevidd.Prince Edward Island (1. mai 2009), Store norske leksikon. Henta 12. november 2013. Flesteparten av innbyggjarane bur utanfor byar. Samstundes er han den provinsen som har størst folketettleik i Canada.

Etymologi Øya er kalla opp etter prins Edward, hertug av Kent (1767–1820), den fjerde sonen til kong Georg III og far til dronning Viktoria.

Geografi Prince Edward Island ligg i St. Lawrence-bukta nord for Northumberlandsundet, som skil provinsen frå Nova Scotia og New Brunswick. Confederation Bridge, ei bru på 13 km, gav øya fastlandssamband i 1997.

Klima mini|Kysten av Prince Edward Island ved Cavendish Klimaet på Prince Edward Island er variert. I juli og august er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen om dagen 23 °C. Men temperaturen kan bli over 30 °C i desse månadene. PEI har dei varmaste strendene nord for Carolinas. I vintermånadene januar og februar er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen om dagen -3.3 °C. Øya får i gjennomsnitt 855 mm regn årleg og i gjennomsnitt 285 cm snø per år.

Vintrane er moderat kalde, med vekslande kald arktisk luft og mildare atlantisk luft noko som kan føre til store og hyppige temperatursvingingar. Frå desember til april har øya vanlegvis mange stormar og uvêr. Vårtemperaturane er typisk kjølige før havisen har smelta, vanlegvis seint i april eller tidleg i mai. Somrane er moderat varme, men sjeldan ukomfortable med maksimum dagtemperaturar berre nokre gonger så høge som 30 °C. Hausten er ei behageleg årstid ettersom det varmare vatnet i St. Lawrence-bukta utsett tidspunktet for når frosten sett inn, sjølv om stormane blir hyppigare enn om sommaren. Det er rikeleg med nedbør året rundt sjølv om den største nedbøren kjem seint om hausten, tidleg vinter og midt på våren.

Næringsliv Den viktigaste næringa i provinsen er landbruk. Rundt halvparten av jorda her er dyrka mark. Potet er ei viktig avling, og Prince Edward Island står for rundt ⅓ av potetproduksjonen i Canada. Det blir også eksportert poteter herfrå til fleire land, mellom anna Noreg.

Fiske, særleg av hummarfiske, er ein annan viktig næringsveg.

Historie Fransk koloni Jacques Cartier var den første europearen til å sjå øya, i 1534.Island Information: Quick Facts, website of the Government of Prince Edward Island, 2010-04-27. Henta 25. oktober 2010. Øya blei kolonisert av franskmenn i 1719. Som del av den franske kolonien Acadia vart øya kalla «Île Saint-Jean». Storbritannia okkuperte øya i 1758 og døypte henne om til Prince Edward Island i 1798. Ho blei del av Canada i 1873.

Språk mini|Morsmål på Prince Edward Island (raud: Engelsk, blå: Fransk). mini|Bakkete landskap er typisk for ein stor del av øya. Folketeljinga i 2006 synte at folketalet var 135 851. Av dei 133 570 som oppgav morsmål var dei vanlegaste språka: RangSpråkNummerProsent1.Engelsk125 26593,8 %2.Fransk5 3454,0 %3.Nederlandsk8650,6 %4.Tysk2750.2%5.Spansk2200,2 %6.Kinesisk1900,1 %7.Arabisk1500,1 %8.Ungarsk1200,1 %9.Mi'kmaq900,1 %10.Japansk800,1 %11.Polsk700,1 %12.Koreansk65 I tillegg var det 105 svar som oppgav både engelsk og eit uoffisielt språk ('non-official language'); 25 både fransk og eit uoffisielt språk; 495 både engelsk og fransk; 10 engelsk, fransk og eit uoffisielt språk; og om lag 1 640 som anten ikkje svarte på spørsmålet, oppgav fleire uoffisielle språk, eller gav eit anna utydeleg svar. (Tala som er synt er tala på for dei som har oppgjeve eit språk og prosentane for desse.)

Religion Tradisjonelt har befolkninga vore likt delt mellom katolikkar og protestantar. I folketeljinga i 2001 oppgav 63 240 (47 %) at dei høyrde til den katolske kyrkja og 57 805 (43 %) oppgav at dei høyrde til ulike protestantiske kyrkjesamfunn. Dette inkluderer United Church of Canada med 26 570 (20 %); Den presbyterianske kyrkja med 7 885 (6 %) og Den anglikanske kyrkja i Canada med 6 525 (5 %). 8 705 (6,5 %) oppgav ingen religion, dette var blant dei lågaste tala for provinsane i Canada.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Prince Edward Island» frå , den 20. juli 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar og territorium i Canada Kategori:Øyar i Canada Kategori:Stader i Canada kalla opp etter britar