Hans I, eller berre Kong Hans, i Sverige som Johan II () var son av kong Kristian I og Dorothea av Brandenburg. Han vart fødd på på Aalborghus i 1455. Han var konge av Danmark frå 1481 til 1513, av Noreg frå 1483 til 1513 og av Sverige frå 1497 til 1501. Han vart vald til Kristian I sin etterfylgjar i Danmark i 1456, og i Noreg og Sverige i 1458.
Den 6. september 1478 gifta han seg med Christine av Sachsen, dotter av kurfyrst Friedriech Ernst av Sachsen. Dei fekk sønene Kristian, Hans, Ernst og Frans, og dottera Elisabeth. Av sønene var det berre Kristian som overlevde faren. Dottera Elizabeth vart gift med Joakhim 1. Nestor av Hohenzollern.
Kong Hans fekk innført det lybske myntsystemet i Noreg, med penningar, skilling og mark.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske regentar Kategori:Danske regentar Kategori:Svenske regentar Kategori:Døde i 1513 Kategori:Fødde i 1455 Kategori:Elefantordenen Kategori:Hosebandsordenen Kategori:Huset Oldenburg