mini|Tog på Fagernes stasjon i juni 1986 Valdresbanen er ein nedlagt sidebane av Gjøvikbanen. Han gjekk frå Eina stasjon til endestasjonen Fagernes. Valdresbanen vart ferdigstilt i 1906 og hadde ei lengde på 109 km. I starten var banen privat, men vart overteken av NSB frå 1937 til rutetoga vart innstilt i 1988. Skjenegangen nærmast Fagernes er no fjerna. Det har i seinare år gått turisttog mellom Eina og Dokka.

Aksjeselskapet AS Valdresbanen vart skipa i 1991 for å stå for drift av turisttog og chartertog på Valdresbanen, og for utleige av dresinar (skjenesyklar) til bruk på nokre strekningar av banen. Ei foreining, Foreningen Nye Valdresbanen, har som føremål å fremje interessa for banen og utvikle han som turistbane, og har som overordna mål å få i gang att ordinær togdrift på banen Heimesida til AS Valdresbanen og Foreningen Nye Valdresbanen.

Linjekart

Fotnotar

Litteratur Iversen, Ingolf, 1996. Klar til avgang! Ei bok om Valdresbanen. Fagernes: Valdres forlag. ISBN 8275620473 Aspenberg, Nils Carl. 1994. Glemte spor : Boken om sidebanenes tragiske liv. Oslo: Baneforlaget. side 93-103. ISBN 82-91448-00-0

Kategori:Nedlagde jarnbanestrekningar i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar i Innlandet Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1906 Kategori:Jarnbanestrekningar nedlagde i 1988 Kategori:Valdres Kategori:1906 i Noreg Kategori:1988 i Noreg