Tinariwen (tamasheq , «aude landskap» eller «ørken»Jeffrey Heath, Dictionnaire touareg du Mali: tamachek-anglais-français (KARTHALA Editions, 2006: ), s. 490.) er ei musikkgruppe frå Sahara-området i sørlege Algerie og nordlege Mali.
Musikken deira, som er blitt kalla «tuaregblues» og «tuaregrock», er ein syntese av blues, rock og tradisjonell tuaregmusikk basert på elektriske gitarar. Dei to leiarane for gruppa er Ibrahim ag Alhahib og Abdallah ag Alhousseyni, som var med på å skipa henne i 1979.
Historie mini|venstre|portrett|Ibrahim Ag Alhabib under ein konsert i Wien i 2011. mini|Abdallah Ag Alhousseyni under ein konsert i Hamburg i 2011.
Som fireåring blei Ibrahim Ag Alhabib vitne til at far hans blei avretta under tuaregopprøret i 1962–1964 i Mali. Seinare budde han i ulike flyktningleirar i Algerie, nær byane Bordj Badji Mokhtar og Tamanrasset. Etter å ha sett ein westernfilm der ein cowboy spelte gitar, bygde Ag Alhabib sin eigen gitar av ei plastflaske, ein stokk og fiskeline, ifølgje den seinare bandkollegaen Abdallah Ag Alhousseyni. Han blei seinare gjeven ein gitar av ein algerisk mann som lærte han å spela tergui-musikk.
Ag Alhabib budde seinare i Algerie og Libya i lag med andre eksil-tuaregar. Han fekk sin fyrste skikkelege akustiske gitar i 1979. På denne tida opptredde han i ei gruppe med Alhassane Ag Touhami og brørne Inteyeden og Liya Ag Ablil som spelte på festar og i bryllaup. Gruppa hadde ikkje noko offisielt namn, men folk byrja å kalla dei Kel Tinariwen, som kan omsetjast til «Folka frå ørkenen» eller «Ørkengutane».
thumb|portrett=1.5|right|Tinariwen
Gruppa spelte ei viktig rolle under tuaregopprøret i 1990-åra ved å spreie bodskap om håp og motstand til stammefrendane sine. Etter fredsslutninga i 1996 har dei vigd seg til å utbreie tuaregkulturen med songar som handlar om både kjærleiken til ørkenen og lidingane til folket.
Tinariwen hadde spelt inn ei rekkje kassettar som sirkulerte i Sahara, då dei spelte inn sin første CD, The Radio Tisdas Sessions, i 2000, men det var med Ammassakoul i 2004 at dei fekk sitt internasjonale gjennombrot. Etter denne plata turnerte gruppa i Europa og USA og blei sett på som ambassadørar for tuaregane over heile verda. I 2007 gav dei ut sin tredje CD, Aman iman, som blei ein enda større suksess enn dei to første.
Den franske filmskaparen Jérémie Reichenbach har laga ein dokumentarfilm, Teshumara, les guitares de la rébellion touareg / The Guitars of the Touareg Rebellion, der han knyter tilblivinga av gruppa til tuaregfolkets omflakking og eksil som følgje av oppstanden i 1990-åra og den brutale undertrykkinga til den maliske staten på denne tida. Filmen fekk prisen for beste musikkdokumentar frå Société des auteurs, compositeurs et éditeurs de musique, SACEM i 2006.
Tinariwen spelte på Øya-festivalen i Oslo i august 2007.
Gruppemedlemmar (2007) Ibrahim ag Alhabib («Abaraybone»), (gitar, song) Abdallah ag Alhousseyni, (gitar, song) Alhassane ag Touhami, (gitar, song) Mohammd ag Itlale («Japonais»), (gitar, song) Eyadou ag Leche (bass, kor, perkusjon) Saïd ag Ayad (perkusjon, kor) Elaga ag Hamid (gitar, kor)
Diskografi 2001: The Radio Tisdas Sessions, Wayward, CD468010 2004: Amassakoul, World Village, CD468026 2006: The Soul Rebel of African Desert, CD/DVD (Amassakoul og Jérémie Reichenbach sin film The Guitars of the Touareg Rebellion), Emma Productions 2007: Aman iman 2009: Imidiwan 2011: Tassili 2026: Hoggar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Tinariwen.com Universalmusic.fr - Tinariwen Mondomix.com - Tinariwen Teshumara.com
Kategori:Maliske musikarar Kategori:Mali Kategori:Tuaregar