Kongeå er ei elv i Danmark som dannar grensa mellom Nord-Jylland og Sønderjylland. I perioden 1864-1920 fungerte ho òg som ei grense mellom Danmark og Tyskland. I mellomalderen vart elva kalla Skodborg Å etter den kongelege borga Skodborghus, som låg ved ein overgongstad sør for Vejen. I fleire hundreår var det tollgrense ved Kongeå, som skilde Danmark frå Hertugdømet Slesvig.

Elva har sitt utspring søraust for Vejen og Vamdrup og munnar ut i Vadehavet nord for Ribe etter om lag 50 km.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kongeå» frå , den 27. mars 2007.

Kategori:Elvar i Danmark Kategori:Kolding kommune Kategori:Vejen kommune Kategori:Esbjerg kommune