mini|Sæbø, Bondalen i Hjørundfjord. Foto frå kyrkjetårnet på Hjørundfjord kyrkje mot sør-aust. E.A.Tvergrov. mini|Sentrumsbygg på Sæbø mini|Hjørundfjord kyrkje Foto: Andreas Vartdal Sæbø er eit bygdesentrum og ein matrikkelgard som ligg nedst i Bondalen i ei bukt midt i Hjørundfjorden. Sæbø i Sæbøvikja er ein strandstad og kyrkjestad, og var administrasjonssenteret i tidlegare Hjørundfjord kommune, som sidan 1. januar 1964 er ein del av Ørsta kommune og Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke.

Sentrumsfunksjonar Hjørundfjord kyrkje ligg på Sæbø. Sæbø har fleire andre sentrumsfunksjonar:

Hjørundfjordheimen, kommunal sjukeheim.Lenkje til Hjørundfjordheimen, vitja 26. februar 2010 Kommunalt legekontor.Lenkje til legetenesta i Ørsta, vitja 26. februar 2010 Sæbø skule, barne- og ungdomsskule.Lenkje til Sæbø skule, vitja 26. februar 2010 Sæbø barnehage.Lenkje til Sæbø barnehage, vitja 26. februar 2010

Sagafjord Hotel Heimeside for Sagafjord Hotel, vitja 26. februar 2010 Filial av Sparebanken Søre Sunnmøre Daglegvareforretning 2 campingplassar Sæbø Idrottslag med fotballbane og klubbhus

Kommunikasjonar Sæbø er også ein ferjestad, for ferjeruta Sæbø-Leknes og den tilhøyrande ferjeruta Sæbø - Leknes - Trandal - Store-Standal.

Matrikkelgarden Sæbø har namnet etter matrikkelgarden Sæbø, gardsnummer 169 i Ørsta kommune.

Folketal: 1801: 50 1865: 52 1900: 66

Sjå òg Sæbø

Kjelder Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta 1993 ISBN 82-991200-5-5, side 293-373.

Fotnotar

Kategori:Geografi i Ørsta Kategori:Matrikkelgardar i Ørsta Kategori:Ferjestader i Møre og Romsdal