Andorra la Vella er hovudstaden i Andorra, og ligg aust i Pyreneane mellom Frankrike og Spania. Det er òg namnet på kommunen som byen ligg i. Landsbyen Santa Coloma ligg òg i kommunen. Med ei høgd på 1023 moh. er han den høgaste hovudstaden i Europa. Byen har grense mot Spania.
I 2023 hadde byen eit folketal på 24 042, og det urbane området, med Escaldes–Engordany og satellittlandsbyar, hadde over 40 000 innbyggjarar.
Hovudnæringa i byen er turisme, sjølv om landet òg tener mykje på å vere eit skatteparadis for utlendingar. Møblar og brandy er lokale produkt.
I Andorra la Vella bur folk frå fleire ulike nasjonalitetar: Spanjolar (43 %), andorranarar (33 %), portugisarar (11 %), franskmenn (7 %), og 6 % andre. Det offisielle språket er katalansk, men ein talar òg spansk og fransk.
Geografi og klima Andorra la Vella ligg sørvest i Andorra der to fjellelvar renn i hop. Sidan byen ligg i ei høgd på over 1 000 meter har ein nok snø om vinteren til at staden har eit populært skisenter. Klimaet er temperert med kalde vintrar og varme, tørre somrar. Temperaturane varierer i snitt frå rundet -1 °C i januar og 20 °C i juli. Den normale årsnedbøren er 808 mm.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hovudstader i Europa Kategori:Byar i Andorra