Osaka er den tredje største byen i Japan. Byen ligg på Honshu ved munningen til elva Yodo i Osakabukta. Byen er det administrative senteret i Osaka prefektur i regionen Kansai. Osaka er eit av dei viktigaste industriområda og hamnebyane i Japan.

Osaka vert ofte kalla og har historisk sett vore det kommersielle senteret i Japan, og storbyområdet Osaka-Kobe-Kyoto er det nest største i Japan med 18,6 millionar innbyggjarar etter Stor-Tokyo, som har 37,7 millionar. Sjølv om Yokohama er ein større by enn Osaka, kan han ikkje måle seg med storbyområdet til Osaka, og har berre om lag 5 millionar innbyggjarar.

Eit uvanleg forhold i Osaka er forholdet mellom folketalet på dag- og nattestid på 141 %Folketeljing - folketal på dagtid, noko som viser Osaka si økonomiske og kommersielle rolle. Medan folketalet på natta er om lag 2,6 millionar, er det på dagtid 3,7 millionar menneske i byen. Berre Tokyo har fleire.

Bydelar Osaka har 24 bydelar: Abeno-ku Asahi-ku Chuo-ku Fukushima-ku Higashinari-ku Higashisumiyoshi-ku Higashiyodogawa-ku Hirano-ku Ikuno-ku Joto-ku Kita-ku Konohana-ku Minato-ku Miyakojima-ku Naniwa-ku Nishi-ku Nishinari-ku Nishiyodogawa-ku Suminoe-ku Sumiyoshi-ku Taisho-ku Tennoji-ku Tsurumi-ku Yodogawa-ku

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Japan