Chaîne des Puys er ei vulkansk fjellkjede i Massif Central i Frankrike. Kjeda er 40 km lang, og har fleire vulkanske trekk, som kjegler, lavadomar og krater. Det høgaste punktet er lavadomen Puy de Dôme, som ligg om lag midt i fjellkjeda.

Puy de Dome vart i 2018 innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

Kjeda er kjend for den vulkanske historia si, sidan ho vart utforska av den engelske geologen George Julius Poulett Scrope i 1820-åra. I 1827 gav han ut klassikaren Memoir on the Geology of Central France, including the Volcanic formations of Auvergne, the Velay and the Vivarais, som seinare vart gjeve ut i ein meir populærvitskapleg form i The Geology and extinct Volcanos of Central France i 1858. Desse bøkene var dei første som skildra Chaîne des Puys, og analysane som vart lagt fram her danna mykje av grunnlaget for vulkanologi.

Det er mogleg at Chaîne des Puys kan ha utbrot ein gong i framtida. Dette ville eventuelt føra til danninga av nye fjell.

Kjelder

Scrope, George Poulett (1858). The Geology and extinct Volcanos of Central France. J. Murray, London, 258 pp. ISBN 0-405-10459-6. Scarth, Alwyn; Tanguy, Jean-Claude (2001). Volcanoes of Europe. Oxford University Press, 243 pp. ISBN 0-19-521754-3. Global vulkanisme plan: Chaîne des Puys Liste over vulkanar i Chaîne des Puys

Kategori:Vulkanar i Frankrike Kategori:Fjellkjeder i Frankrike Kategori:Potensielt aktive vulkanar Kategori:Verdsarv i Frankrike