Namsos (sørsamisk Nåavmesjenjaelmie) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunesenteret er byen Namsos.
Historie Mot slutten av 1800-talet høyrde Namsos til Namdalen fogderi i Nordre Trondhjems amt.
Vemundvik prestegjeld blei skipa som eit formannskapsdistrikt 1. januar 1838. I 1846 blei byen Namsos i Vemundvik etablert som ladestad. Namsos låg ved munninen av Namsen i Vemundvik. Den nye byen blei eit eige distrikt med 591 innbyggjarar. Vemundvik hadde att 908 innbyggjarar.
1. januar 1964 blei Namsos kraftig utvida då Vemundvik (folketal 2040) og Klinga (folketal 2482) blei innlemma i kommunen (folketal 5224). Samstundes blei norddelen av nabokommunen Otterøy (folketal 1013), og Finnanger-området i Fosnes kommune (folketal 116) også del av Namsos. Folketalet i kommunen auka frå 5 224 til 10 875 inhabitants.
1. januar 2018 blei kommunen del av Trøndelag fylke då Nord- og Sør-Trøndelag slo seg saman.
1. januar 2020 blei kommunane Fosnes og Namdalseid del av Namsos.
Folk frå Namsos Åge Aleksandersen, musikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Namsos» frå , den 10. januar 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Ytre Namdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1846