Michael Laudrup () er ein tidlegare dansk fotballspelar, no fotballtrenar. Han er son til fotballspelaren Finn Laudrup og bror til fotballspelaren Brian Laudrup.
Klubbspel Michael Laudrup debuterte for den danske klubben KB, gjekk i 1982 til byrivalen Brøndby IF. Året etter gjekk han til italiensk klubbfotball. Dei to fyrste sesongane spelte han i klubben Lazio. I 1985 vart han overført til Juventus, også Italia. Åra 1989-96 spelte han i dei spanske klubbane FC Barcelona og Real Madrid, høvesvis fem og to sesongar. I fem av dei sju sesongane i Spania var han med å vinne serimeisterskapen. Deretter spelte han ein sesong i Japan. Til sist, 1997/98-sesongen, spelte han på nederlandske Ajax Amsterdam. Det enda med både seriegull og cupmeisterskap.
Michael Laudrup vann det italienske mesterskapet ein gong (1986), det spanske meisterskapen fem gongar (1991–95) og det nederlandske meisterskapen ein gong (1998)
Han spelte på Barcelona, då denne klubben vann Europacupen i 1992.
Landslagsspel Laudrup spelte 104 A-landskampar for Danmark. Han debuterte på 18-årsdagen i 1982 og spelte sin siste landskamp mot Brasil i kvartfinalen i VM i 1998. Totalt skåra han 37 landslagsmål.
Grunna ei konflikt med den dåverande landslagstrenaren Richard Møller-Nielsen var han ikkje med på å vinne Danmarks einaste store internasjonale trofé – EM 1992.
Fleire har vurdert han til å vere den aller beste fotballspelaren som har kome frå Skandinavia.
Trenar I 2000 vart han av landslagstrenaren Morten Olsen hyra som assistenttrenar for det danske landslaget.
Frå våren 2002 og inntil mai 2006 var han sjefstrenar for Brøndby IF.
Klubbkarriere 1980-1982: Kjøbenhavns Boldklub, Danmark 1982-1983: Brøndby IF, Danmark 1983-1985: SS Lazio, Italia 1985-1989: Juventus, Italia 1989-1994: FC Barcelona, Spania 1994-1996: Real Madrid, Spania 1996-1997: Vissel Kobe, Japan 1997-1998: Ajax Amsterdam, Nederland
Trenarkarriere 2000-2002: Assistenttrenar for det danske landslaget. 2002-2006: Sjefstrenar i Brøndby IF (saman med John «Faxe» Jensen)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Brøndby-spelarar Kategori:Lazio-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Årets fotballspelar i Danmark Kategori:Folk frå Frederiksberg