Salzburg er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Salzburg, arealet er 7 156 km² og folketalet om lag 560 000.

Geografi Salzburg ligg vest i Austerrike, og har grense til Tyskland i nord og Italia i sør. I aust ligg dei austerrikske forbundslanda Oberösterreich, Steiermark og Kärnten, i vest forbundslandet Tirol. Den viktigaste elva i delstaten er Salzach, som munnar ut i elva Inn. I sør er fjella Sentralalpane (Hohe Tauern), fleire av toppane er på over tre tusen meter, i aust og nord Dachstein-massivet og Berchtesgaden-Alpane.

Historie Busetnad i Salzburg går attende til forhistorisk tid. Det eldste namnet på byen, Iuvavum, går attende til keltisk busetnad. Byen var ein del av romarriket, og han vart i 690 eit bispedømme, og i 798 erkebispedømme.

Salzburg var frå mellomalderen av eit geistleg fyrstedømme, med erkebiskopen av Salzburg som herskar. Ved Wienerkongressen etter Napoleonskrigane, i 1816, vart det del av det austerrikske keisarriket.

Forvaltning Delstaten Salzburg er delt inn i fem ulike distrikt (Bezirke) og ein hovudstad (Statutarstadt), Salzburg:

Distrikt i Salzburg Salzburg-Stadt (Landeshauptstadt) Salzburg-Umgebung (Flachgau) Hallein (Tennengau) St. Johann im Pongau (Pongau) Zell am See (Pinzgau) Tamsweg (Lungau)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Geoinformationssystem Salzburg (Luftbilder etc.)

Salzburg