mini|Verdskart som viser plasseringa til Europa. mini|Eit samansett satellittbilete av Europa

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelar på jorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grensar i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet. Omgrepet «verdsdel» eller «kontinent» kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje ymse syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Europa er den nest minste verdsdelen ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0 % av jordoverflata (kring 6,8 % av landarealet). Berre Oseania er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 745 millionar innbyggjarar eller 11 % av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minste. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeidd for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.

Etymologi mini|Europa og oksen på ein gresk vase frå rundt 480 f.Kr.

I antikk gresk mytologi var Europa ei fønikisk prinsesse som vart bortført av Zevs utkledd som ein okse og teken til øya Kreta, der ho fødde Minos, Rhadamanthus og Sarpedon. For Homer var Europi (gresk Εὐρώπη) ei mytologisk dronning på Kreta og ikkje eit geografisk område. Seinare stod «Europa» for det greske fastlandet og rundt år 500 fvt. hadde tydinga spreidd seg til landområda i nord. Den greske geografen Anaksimander plasserte grensa mellom Asia og Europa ved elva Phasis i Kaukasus (dagens Rioni) på 500-talet f.Kr. Denne konvensjonen blei følgd av Herodot på 400-talet f.Kr.Histories 4.38. C.f. James Rennell, The geographical system of Herodotus examined and explained, Volume 1, Rivington 1830, p. 244. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Seinare nytta romarar som Strabon, Posidonius og Ptolemaios ei anna grense, elva Tanais (dagens Don), og denne avgrensinga blei overlevert til mellomalderen.W. Theiler, Posidonios. Die Fragmente, vol. 1. Berlin: De Gruyter, 1982, fragm. 47a; I. G. Kidd (ed.), Posidonius: The commentary, Cambridge University Press, 2004, ISBN 978-0-521-60443-7, p. 738; Geographia 7.5.6 (ed. Nobbe 1845, vol. 2, p. 178) "And [Asia] is connected to Europe by the land-strait between Lake Maiotis and the Sarmatian Ocean where the river Tanais crosses through."

Ein teori om opphavet til namnet «Europa» seier at det kjem av dei greske orda som tyder 'brei' (eurys)εὐρύς, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus og 'andlet' (opsis)ὤψ, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus — 'brei' har vore ein epitet for sjølve jorda i den rekonstruerte urindoeuropeiske religionen.

Ein mindre utbreidd teori seier derimot at namnet eigentleg kjem frå eit semittisk ord som det akkadiske ordet erebu som tyder 'å gå ned' (om sola), ein kognat til det føniske ordet 'ereb ('kveld, vest'), det arabiske Maghreb og det hebraiske ma'ariv (sjå òg Erebus). Denne samanhengen er sett på som svak.«phonologically, the match between Europa's name and any form of the Semitic word is very poor.» Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Dei fleste store språka i verda nyttar ord som kjem av «Europa» om kontinentet. I fleire hundre år nytta derimot tyrkarane ordet Frengistan (landet til frankarane) om Europa.

Historie

Opphavet til vestleg demokratisk og individualistisk kultur vert ofte sett til Antikkens Hellas. Desse greske politiske ideala vart gjenoppdaga seint på 1700-talet av europeiske filosofar og idealistar. Ein annan stor påverknad på Europa kom frå Romarriket, som etterlèt inntrykk på rett, språk og styresmakter. Gjennom Konstantin den store innførte dei òg kristendomen som statsreligion, etter at han var blitt meir eller mindre undertrykka i tre hundreår.

Etter at Romarriket fall gjekk Europa inn i ein lang periode med endringar under folkevandringstida. Denne perioden vart kalla den mørke mellomalderen av tenkjarar i renessansen. Isolerte klostersamfunn i Irland, Skottland og andre stader verna og samla nedskrivne kjelder frå tidlegare tider.

I laupet av denne tida vart den vestlege delen av Romarriket «gjenfødd» som Det tysk-romerske riket, seinare kalla Det heilage romerske riket av tysk nasjon. Den austlege delen av Romarriket vart i vest kjend som Austromarriket eller Det bysantiske riket. Austromarane sjølve kalla seg Βασιλεία των Ρωμαίων, Basileia tōn Romaiōn — 'Riket av romarar'. I 1453, då Det osmanske riket hærtok den austromerske hovudstaden Konstantinopel, opphøyrde Austromarriket. Bere ein liten del av det, Trebizond, varte fram til 1461. mini|venstre|Kart over Europa laga av Gerardus Mercador

Renessansen og Dei nye monarkane markerte starten på oppdagingstida, ein periode med utforsking, oppfinning og vitskapleg utvikling som hadde røter i Italia. På 1400-talet opna Portugal oppdagingsalderen, raskt etterfylgd av Spania. Frankrike, Nederland og England slutta seg seinare til og bygde store kolonirike i Afrika, Amerika og Asia.

Etter oppdagingstida fekk dei demokratiske ideane feste i Europa. Det oppstod kampar for sjølvstende, særleg i Frankrike under perioden kalla Den franske revolusjonen. Dette førte til aukande uro i resten av Europa då dei revolusjonære ideane spreidde seg over kontinentet. Framgangen til demokratiet førte til auka uro i Europa, i tillegg til den uroa som allereie eksisterte som fylgje av konkurranse i Den nye verda. Den mest kjende av desse konfliktane oppstod då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike og la ut på ei erobringsferd der han danna det nye franske riket, som raskt braut saman. Etter desse erobringane vart Europa stabilisert, men dei gamle fundamenta hadde allereie byrja å falle saman.

Den industrielle revolusjonen starta i Storbritannia seint på 1700-talet, noko som fjerna fokuset på jordbruk, førte til generelt auka velstand og samsvarande auke i folketalet. Mange statar i Europa fekk dei noverande grensene sine etter den fyrste verdskrigen. Frå slutten av den andre verdskrigen til slutten av den kalde krigen var Europa delt i to store politiske og økonomiske blokker: Kommunistiske nasjonar i Aust-Europa og kapitalistiske land i Sør-, Nord- og Vest-Europa. Oppløysinga av jarnteppet og Austblokka førte i 1989 til at Berlinmuren fall og den formelle oppløysinga av Sovjetunionen i 1991.

Den europeiske integreringa har vore eit tema i europeisk politikk sidan slutten av den fyrste verdskrigen og skaut fart etter slutten av den kalde krigen. Som fylgje av øydelegginga og lidinga under den andre verdskrigen og som eit ledd i forsoninga etter krigen ført ideen om den europeiske integreringa til opprettinga av Europarådet i Strasbourg i 1949, som i 1950 danna Den europeiske menneskerettskonvensjonen med Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Etter at Berlinmuren fall kunne tidlegare kommunistiske land i Sentral- og Aust-Europa ta del i Europarådet, som no har 47 medlemsstatar. Kviterussland er ikkje med i rådet på grunn av den ikkje-demokratiske regjeringa si. Den europeiske unionen, etterfylgjaren til EF, har vorte utvida frå dei seks opphavlege landa til 27 i dag. EU har utvikla seg frå ein handelsorientert organisasjon til eit samband på fleire område.

Talet på europeiske medlemsland i NATO har òg auka etter slutten av den kalde krigen der fleire land i Aust-Europa er tekne opp.

Geografi og utstrekking

Fysiskgeografisk er Europa den nordvestlege delen av den større landmassen kalla Eurasia eller Afrika-Eurasia: Asia utgjer den store austlege delen av den samanhengande landmassen og alle deler den same kontinentalsokkelen. Den austlege grensa til Europa vert i dag rekna som ei line langs Uralfjella i Russland. Geografen Strabo frå det 1. hundreåret nytta elva Tanaïs (Don) som grense,Strabo Geografia 11.1 og det same gjorde tidlegare kjelder frå Judea.

Den søraustlege grensa til Asia er derimot ikkje universelt definert. Vanlegvis vert Uralelva eller elva Emba nytta som ei mogeleg grense. Grensa held fram til Kaspihavet, toppen av Kaukasusfjella eller elva Kura i Kaukasia, og vidare til Svartehavet; Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Middelhavet i sør skil Europa frå Afrika. Den vestlege grensa er Atlanterhavet; Island, som ligg nærare Grønland (Nord-Amerika) enn det europeiske fastlandet, vert generelt rekna som ein del av Europa. Det er ein pågåande debatt om kvar det geografiske senteret i Europa ligg.

På grunn av samfunnspolitiske og kulturelle skilnader er det ulike skildringar av grensene til Europa. I nokre kjelder er ikkje somme delar av Europa tekne med, medan dei same områda er tekne med i andre kjelder. Til dømes reknar geografar frå Russland og dei tidlegare sovjetstatane Uralfjella som ein del av Europa, medan Kaukasia er ein del av Asia. Mange geografar reknar derimot dei sørlege grensene til Aserbajdsjan og Armenia mot Iran og Tyrkia si sørlege og austlege grense til Syria, Irak og Iran som grensa mellom Asia og Europa på grunn av politiske og kulturelle årsaker. Sjølv om Kypros ligg svært nær Asia vert ho rekna som ein del av Europa av same årsaker.

Fysisk geografi Landskapet i Europa viser stor variasjon over relativt små område. Dei sørlege områda er derimot meir fjellkledde, medan ein nord for Alpane, Pyreneane og Karpatane glir over i åslendte landskap og breie, låge sletter, som er vidstrakte i aust. Denne utstrakte sletta vert kalla Den store europeiske sletta med hjarta i Det nordeuropeiske låglandet. Ein boge med høgareliggande område strekkjer seg så frå dei vestlege delane av Storbritannia og Irland, og held fram langs heile Noreg.

Denne skildringa er forenkla. Mindre område av Pyrenéhalvøya og Italia inneheld komplekse geografiske trekk og det same gjer sentrale delar av Europa med mange platå, elvedalar og flodområde. Andre område som Island, Storbritannia og Irland er spesialtilfelle. Island er eit eige landområde nord i Atlanterhavet, som vert rekna som ein del av Europa, medan dei to sistnemnde er høgareliggande område som ein gong var ein del av fastlandet før det stigande havet gjorde dei om til øyar.

Klima

Europa har eit temperert klima som er typisk maritimt i vest, men som vert gradvis meir kontinentalt mot aust. Eit lite område heilt i søraust har steppeklima, medan nokre større område i fjellet og lengst nord har tundraklima. Store delar av Europa har kring 500–1000 mm nedbør, som er jamt spreidd utover året, bortsett frå i middelhavsområdet som har tørke om sumaren. Dei geografiske tilhøva gjer at Europa er langt mildare og fuktigare enn andre verdsdelar på same breiddegrad.

Klimaet er dominert av vestavindsbeltet og korleis dette varierer gjennom året. Det flytter seg gjerne mot sør om vinteren og mot nord om sumaren, noko som særleg gjev stor variasjon gjennom året i Sør-Europa. Golfstraumen fører med seg mildt vatn til kyststroka utanfor Vest-Europa og nordover mot norskekysten.

Fjella strekkjer seg nesten samanhengande frå Pyreneane til Vesleasia og dette hindrar ein del luftstraumar mellom nord og sør, medan luftstraumane frå vest i liten grad vert hindra av fjell. Fjella i Noreg og Sverige er av dei få fjella i Europa som stoppar vestavinden. Vestkysten av Noreg har mildare vintrar enn nokon annan stad på desse breiddegradene, medan det berre nokre få hundre kilometer lenger aust kan vere harde vintrar i dalane.